Archive for December, 2014

nyttårsforsett…

Eg såg meg i spegelen i dag og blei ståande og tenkja: Det er lenge sidan eg har kjend meg sexy. Er det at eg no er på feile sida av sekstitalet? Er eg no utgått på datoen, på det viset? Eller er det det at eg er blitt lat? Bryr eg meg nok med å visa mitt beste? No ser eg jo klårt at eg har passert grensa for frodig og heller kan kallast feit. Men må det vera det same som at eg ikkje lenger er attraktiv? Eg har siste månaden tatt av fem kilo, og i skåpet heng det klede nok til å gjera meg fin. Er det innanfrå meg sjølv det kjem, dette at eg er utgått? Eg, som elska å dansa.

Her er det heilt klart på sin plass med eit nyttårsforsett. Ikkje å melda meg på treningssenter og starta jogging, for om eg var slank som eit siv ville det ikkje hjelpa om ikkje mitt indre blikk blei endra. Ikkje å bli fettsugd, ikkje å bli rynkefri eller kirurgisk oppstramma. Men igjen å strutta med det eg har. Eg kan starta med å stå framfor spegelen og ikkje fokusera på det nedsigne og slappe, men heller sjå det mjuke, varme og vakre som berre levd liv kan gje. Sjå meg sjølv flott så andre også kan sjå det. For enno kan blodet brusa, og det kan sitra og kitla. Jammen kan det det.

 

Godt sexy nyttår!

julegåve eller konvolutt…

Eg bannar vel i kyrkja no, men eg elskar jula. Barnsleg gler eg meg til julemiddagen, julemusikken og så å opna presangar. Spenninga, det å bretta papiret til side og finna noko nokon har tenkt til meg, det er for meg salig glede, og eg blei ikkje mindre glad for den heimestrikka kjøkkenkluten (som eg aldri har hatt betre klut enn) enn eg hadde vore for diamantar. Forresten, kva skulle eg med diamantar, eg som elskar stort juggel. Ein marsipangris, sokkar med Mikke Mus på, godlukt til dusjen, – å det er så mykje glede. Men det at det ligg der under treet innpakka noko til meg, det er stort.

Det er så mange som no vil gje alternative julegåver, som vil gje pengar til gode organisasjonar så pengane kjem til nytte for dei som treng det mykje meir enn meg og alle vi andre i dette velstandslandet. Og ja, det er fin tanke, men har ikkje dei fleste av oss råd til både ei god såpe til kvarandre og pengar til dei som treng det. Eg ville blitt utruleg skuffa om eg fekk konvoluttar med takk frå gode organisasjonar under treet julaftan, og eg trur ikkje eg hadde greid å gleda meg over dei som no kanskje fekk livsviktig medisin eller ei skulebok. Så egoistisk er eg. Eg vil ha noko å pakka opp, eg vil vita at dei som eg håper er glad i meg har tenkt ut noko for å gleda meg, ikkje berre lettvindt har sendt nokre kroner på kontoen til nokon, noko dei godt kunne gjort i tillegg.

Eg bannar vel i kyrkja, men ta ikkje frå meg julegledene. Eg skal feira jul langt frå mine, eg skal ikkje ha barn og barnebarn rundt meg i stova, men eg håper ikkje dei sender meg ein konvolutt, eg håper vekeleg eg får noko å pakka opp. Det er ikkje dei store gåvene eg lengtar etter, men dei små gledene. Slik at eg kan pakka opp og tenkja, ååå dette har han sendt til meg, og ååå, dette har ho tenkt til meg.

Ja, eg er vel både egoistisk og barnsleg, så for å gjera opp for det sender eg heller eit par tusenlappar til dei som treng det, etter at eg har sendt pakkar til dei eg bryr meg om, – eg vil at dei julaftan skal pakka opp noko frå meg og smila, enten av glede eller at dei ristar på hovudet. For slik er eg med dei, om eg ikkje er der.

Kva er det med denne jula?

Det blir snakka mykje om julestri og julekav. Alt skal ordnast og kjøpast inn. Besøk ein ikkje har gjort heile året skal brått unnagjerast. Presangar skal delast, julekonsertar opplevast, avslutningar stillast opp på, ting skal lagast med ungane. Kvifor i all verda har vi det så travelt no når vi har heile året og ta av. Heile året til å gjesta gamle tanter, heile året til å senda kvarandre helsingar. Heile året til å vaska og baka og ståka. Heile året til å nyta konsertar og ha kos med borna.

Kva er det med denne jula? Jula som berre veks og veks og skal fyllast med stadig meir så vi ikkje lenger har tid nok til å nyta dei tende lysa og fellesskapen. Tradisjon, seier vi, men var det slik før? Eg prøver hugsa tilbake, og hugsar lite julekav, men det er kanskje aktiv gløymsle. Eg hugsar den frydefulle gleda over det pynta juletreet. Den vesle skjøre fuglen som kvart år sat høgt på ei grein. Og familien samla rundt bordet. Eg hugsar ikkje gåvene eg fekk,men eg hugsar kor høgtideleg bestefar takka, og den trillande latteren til den ugifte tanta. Og eg hugsar korleis eg mett fekk plass til endå nokre småkaker der eg krølla meg saman med den årvisse boka eg fekk frå tante Fina. Den hugsar eg jammen. Alltid ei GGP- bok. Kvar jul.

I år skal eg ikkje ha ei einaste julestri. Pepparkakene med personlegdom, vindskeive men gode, er på plass i boksen. Med dempa lys viser ikkje ei einaste hybelkanin. Og god mat blir det. Og om eg er heldig ei bok.