Archive for October, 2014

å vera snill…

Må ein alltid vera snill? Det er jo det beste, med snille menneske. Men i eit kvart menneske er det vel litt av kvart. Kva om berre det snille får plass? Kor blir det då av det andre? Ligg det der innunder og sydar til det smyg seg fram som gift? Ligg det der og pressar på til det sprengjer seg fram til kva som helst? Kor blir det av styggeskapen som aldri slepp fram? Blir han ikledd ei kvit kappe? Blir han det skjulte ansiktet bak maska? Der det ikkje er vondt, der er det heller ikkje godt, sa bestemor om vi som barn fekk sinnabyer og trampa i bakken.

Eg tenkjer i blant på det bestemor sa når eg møter altfor snille menneske. Kva skjuler dei? Kanskje fins det mellom oss nokre genuint snille menneske, men dei fleste av oss har vel eit breidare og meir mangslunge indre landskap. Eg blir trygg på menneske som erkjenner og viser bredda av kven dei er. Menneske som vågar bli arge, menneske som engasjerer seg med fynd og kraft. Dei som tør vera sunt sinte, som tør vedstå seg skadefryd når dei har grunn til det, dei som kan brumma og overreagera, men som stiller opp og bryr seg og er til å stola på.

Visste er det ei gåve med snille menneske, med rause, varme og gode menneske. Og mange av dei veit litt om både godt og vondt, og tåler det alt fordi dei kjenner det att i sitt eige liv.

verdien av å hugsa saman…

Det å bli litt eldre, blir at stadig fleire av dei ein har minne om blir borte, og at det blir ferre å minnast saman med. Menneske som var ein sjølvsagt del av livet, er det no mange rundt som ikkje anar kven er. Menneske som betydde noko, som løfta kvardagslivet med det dei var, er ikkje lenger med i dei nye historiane som blir skrivne. Menneske som vi før henta fram med eit lite ordspråk, med eit sitat, med ei oppleving. Det gav oss fellesskapskjensle. Kanskje derfor nyt eg slik samveret med dei som hugsar det eg hugsar, som har dei samme minna, dei samme historiane med seg.

Kvar generasjon av oss ber med oss våre opplevingar, minne, og menneske som har betydd noko. Dei fleste menneska som har berørt oss hamnar ikkje i noko historiebok, men det dei var står like fullt att som noko viktig i oss som møtte dei. Læraren som gjorde ein skilnad, butikkdama som viste den ekstra omsorgen, naboen med rausheten. Orginalen som løfta det kvardagslege. Bussjåføren som song og hadde ein god vits på lager. Dei var så mange.

Eg merkar at det er godt å minnast. At det å møta nokon eg kan minnast saman med er ein verdi som stadig blir større. Og eg tenkjer at eg vil halda fast på alle desse minna, store og små, eg vil halda liv i desse som var i livet mitt, så lenge eg sjølv er her. For vi lever ikkje berre så lenge vi lever, men så lenge nokon hugsar.

 

det gode liv…

I kveld sit eg her med strikketøyet mitt i sofakroken. Eg las ein stad at strikking var like avslappande som meditasjon. Eg held meg til strikkinga. Tjukt garn og store pinnar gjer at mor vi truleg ville kalla strikkinga mi for hesjing, men eg sit her og kjenner at eg har det godt.

Kva er det gode liv? Eg manglar ingen ting av det eit menneske treng for å leva godt. Eg bur i eit land der eg slepp leva i stadig frykt, eg har fridom til å tenkja og meina det eg vil. Kvar dag kan eg stå opp av senga og møta dagen. Kvar dag kan eg gå ut døra og løfta andletet mot sol eller regn. Eg har familie, eg har venner. Eg kan kjøpa meg ting eg ikkje treng om eg det vil.

Når eg er ute på skulebesøk og snakkar om det å vera forfattar, spør ofte elevane meg: “Er du rik?”. Og då svarer eg alltid ja. Eg seier det fins to slags rikdom, den ein kan setja på ein konto i banken og den ein har i hjarta. Og hjarterikdom, det har eg mykje av.

Ja, visst er eg rik. Alt er ikkje perfekt. Dagane mine skifter. Dei kan skifta med glede og sorg, lengsel og savn, takksemd og smerte. Alt dette som høyrer eit liv til. Alt dette som gjer eit liv heilt. Visst kan eg i blant drøyma om månen og sola og stjernene. Men i kveld sit eg her med strikketøyet mitt, kjenner roa i kroppen, og veit at dette det gode liv.

 

dette vakre…

Eg sov dårleg i natt, eg vakna uggen og lite opplagt. Jaja, får vel koma gjennom denne dagen også, tenkte eg. Koma gjennom? Eg visste ikkje om alt det vakre som venta på meg. Eg visste ikkje at eg skulle gå ut i ein dag full av varmande menneske. Heilt utan forventning var eg, og så fekk eg ta imot.

Eg skulle på jobb, eg skulle møta grupper med elevar. Små menneske med sine sorger og gleder. Med sine liv fulle av myldrande hendingar. Dei sat der framfor meg. Og så skjedde dette magiske, igjen, det blei eit møte. Eg gav, men så mykje meir fekk eg tilbake. Og eg gjekk ut frå klasserommet så utruleg rik.

Og det var ikkje berre dette dagen gav. Eg møtte på vegen min fleire menneske, opne, varme menneske. Menneske som famna meg, som lyste mot meg. I sin travelhet hadde dei tid, i alt sitt å styra med gav dei meg eit rom.

Eg sit her no, og kjenner på dette vakre. Dette vakraste. Møte med menneske. Rikdommen som ikkje viser på ein bankkonto, men som fløymer i heile meg. Det er vel den største rikdommen, dette.

Ja, eg er høgstemt og djupt takksam, og måtte eg berre hugsa til neste uggne morgon at alt kjekt kan skje!