Archive for September, 2014

Eg undrast, kor er det blitt av dei indre verdiane? Gjeld dei ikkje lenger? Er det berre det ytre som er viktig i dag? Ikkje ein gong ungane går fri. Dei skal visst vera sexy frå dei er ein neve store. Stakkars, seier vi om vi ser nokon litt runde og trultete. Stakkars? Kva i all verda er dette? I dag er kviser katastrofe og grunn for å halda seg innandørs og under dyna. Håret må vera perfekt og kleda ha rett merke. Førebilda til ungane har silikon og har operert bort alle skavankane som for andre er heilt usynlege. Her gjeld det å vera glatt og vakker og vellukka.

Og vi eldre er ikkje betre. Vi er ute av marknaden (kva marknad eigentleg) om vi ikkje er attraktive nok, slanke nok, velpolerte nok. Indre verdiar tel visst kun i tilleg til dei ytre. Og kjærleiken? Den byter vi ut som gamle vinterkåper. Vi må heile tida bevisa at vi er gode nok, at vi heng med, at vi ikkje er gått ut på datoen. Kan det henda at vi mister oss sjølv i vår jakt på å henga med?

Av og til missunner eg dei gamle konene, dei som kunne gå i sine forklekjolar og tjukke rullesokkar, som kunne fletta håret i ein streng tull i nakken og bera rynkene sine som heidersteikn. Dei som ikkje måtte polera neglene og passa diettar, men bar sine runde magar og breide lår utan å skjemmast. Og som var elska som dei var, av barn og barnebarn og til og med av sine gamle, velslitne kallar. Det var hjartevarmen som skilde dei gode frå dei dårlege.

Kven spør etter hjartevarmen i dag? Kven ærar dei som har nok indre styrke til å bera seg sjølv som den dei er, utan å måtta tekkast alle motar og krav. Kor er det blitt av det å sjå etter dei indre verdiar? Eg berre spør.

fråstolen meg sjølv…

Kva gjer ein når ein blir fråstolen seg sjølv? Når nokon har teke identiteten din og misbrukt han. Når nokon har greid å få tak i personnummeret ditt og oppretta telefon og gud veit kva anna i ditt namn? Eg prøvde ringa politiet. Det var lettare sagt ein gjort å få napp der. Til sist nådde eg ei resepsjonistdame i mitt eige politidistrikt. Ho lytta, eg vil ikkje sei tolmodig, og avbraut meg før eg hadde snakka ut og sa ho skulle setja meg over til rette vedkomande. Så sette ho meg over, til ein som løfta opp telefonen og braut han. Eg ringte på nytt, dama i resepsjonen var endå litt meir utålmodig, sette meg over igjen og eg blei brote på nytt. Eg ringte på endå ein gong og fekk vita at mannen eg skulle snakka med truleg var opptatt. Javel, kva rådde ho meg til då? Skulle eg ringa igjen (hadde ringt tre gonger då), og kor tid? Motviljug sa respesjonistdama at ho kunne notera telefonnummeret mitt og kva det galt og be mannen ringa tilbake. Puh. Då var det å venta.

Det gjekk time etter time, eg sat stand by ved telefonen, ingen politi ringte, så eg drista meg langt om lenge til å ringa på nytt. No var resepsjonistdama tydeleg irritert, eg fekk venta til mannen ringte meg tilbake. Men var det ikkje nokon annan eg kunne få snakka med, spurde eg. Nei, det var han som skulle setja meg over vidare til rette vedkomande. Men kunne ikkje ho setja meg over til rette vedkomande då? Men nei, det var han som skulle setja meg vidare, slik var det. Ho snakka sakte som til ein tungnem unge. Eg kom meg ikkje til å spørja kor lenge eg skulle venta, eg blei sant å seia litt utslått.

Og her sit eg. Ingen polititmann har ringt for å setja meg over til den rette politimannen. Ikkje tør eg ringa ein gong til til den gretne resepsjonistdama. Eg ventar og ventar og ventar, med identiteten min på ville vegar, med personnummeret mitt over alle haugar, med ein svindeltelefon i mitt namn. Visst veit eg at politet er overarbeida, visst er eit tjuveri ei fillesak som truleg blir henlagt. Men sanneleg ikkje lett å vera fogel no for tida!

kongen av Danmark…

Rart med minne. Ein liten triggar, så er dei der. Eg sat på stamkafeen min med to motorsykkelmenn ved bordet ved sida av. Dei snakka dansk.  Brått hugsa eg “kongen av Danmark”. Det var det vi kalla han, venninna mi og eg, noko namn fekk eg aldri vita. Eg møtte han ein av dei første gongane mine “på byn”. Eg hadde jo levd ganske så beskytta frå “det søte liv”, men denne kvelden var venninna mi ute og feira noko, eg hugsa ikkje no kva. Vi enda opp utpå kvelden på det som den gongen var nattklubben på Hotel Norge. Det var fin musikk, men eg kjende meg litt som fisk på land der eg prøvde gøyma meg inst i båsen min og håpa ingen ville by meg opp. Like til ein mann eg aldri før hadde sett dukka opp i døra. Det hogg til i meg med det same eg såg han, blikka våre møttest og det sa klikk.

Då han baud meg opp var eg seld. Var det kjemi? Var det magi? I det han tok meg i armane sine var alt anna borte. Vi dansa og dansa, og då musikken tok pause sto vi berre midt på dansegolvet og heldt om kvarandre. Alt dirra. Jau, det må ha vore magi. Det var noko eg aldri før hadde opplevd, og sidan aldri har opplevde igjen slik. Eg kan ikkje hugsa at vi sa så mange orda, berre nok til at eg forsto han var dansk.

Venninna mi såg kva som skjedde og fekk visst panikk. Det var ho som hadde teke meg med hit. Ho kom ut på dansegolvet og sleit meg laus frå han, ho drog meg fysisk ut av danselokalet og ut på gata. Eg var i transe, heilt rar og skjelvande. Noko som sat i lenge. Venninna mi kjørte meg heim, og sidan spøkte vi med “kongen av Danmark”. Men det var aldri spøk for meg.

Eg møtte han ikkje igjen. Eg hadde ingen navn. Han hadde det heller ikkje. Det hender eg har spurt meg, berga venninna mi meg den kvelden? Kva hadde skjedd om ho ikkje drog meg med bort? Det er snart eit halvt liv sidan. Men minnet har eg med meg. Det skal ikkje meir til enn ei dansk stemme før eg er tilbake til den kvelden i armane hans, kongen av Danmark.