Archive for August, 2014

Jubileum…

Eg er på Stord og jubilerer. Det er førti år sidan eg gjekk ut lærarskulen. Førti år? Kan det stemma! No har eg møtt førti medjubilantar på mimretur på høgskulen, som den gong ikkje var høgskule, berre vanleg lærarskule. Og det må vera noko med årskullet vårt, alle var akkurat dei same. Somme var til og med blitt yngre. Grått hår og velstandsmagar var berre kledeleg. Vi omfamna kvarandre og hugsa. Og du verda kva vi hugsa når vi først kom i gang og mimringa starta. Ting som var borte, dukka opp. For ikkje hugsa eg at dikta mine blei slakta av den tradisjonskjære lektoren som ville ha enderim og jamn rytme, dei andre hugsa. Eg hugsa læraren som oppmuntra meg. Glad er eg for det. Eg er velsigna med dårleg hukommelse på ting eg ikkje vil ha med.

Men at eg spelte jentefotball, det var også gløymt. Eg blei vist bilde av fotballaget jublande etter ein siger, og jammen sto eg der. Trur eg må få kopi og henga på veggen. Og så gleda over samtalane med alle desse fine tidlegare klassekameratane. Eg kjenner varmen inni over å få sjå dei igjen. Å vita at kvar av desse førti har levd sine liv på godt og vondt, har gjort sine erfaringar og er her med eit heilt livsforråd under kjolane og dressane. Ja, vi har levd, vi har smakt, vi har nok alle blitt rispa i pelsen. Men i kveld skal vi festa saman. Dei gode historiane skal hentast fram igjen, og vi skal vera i lag.

Førti år er gått, og ingen ting er sjølvsagt lenger. Eg er audmjuk.

 

 

det er ikkje lenger sjølvsagt…

Ofte er vi ikkje heilt klar over kva menneska rundt oss eigentleg har for plass i liva våre, ikkje før dei brått er borte. Dei har berre vore der, som kollegaer, naboar, nokon vi har veksla ord med og ledd med i ein forbifart. Kanskje har det vore øyeblikk av alvor og nærhet, og livet har gått vidare, vi har hatt kvar våre. Men så står vi der ein dag med tomrommet. Tapet. Ei uventa sorg over det som ikkje blei sagt, og det som kunne blitt gjort. For dei var der jo alltid. Menneska som vi ikkje forsto kor mykje betydde for oss før dei ikkje er der lenger.

Det er ikkje lenger sjølvsagt for meg når eg møter nokon i ein forbifart at vi skal møtast att. Kanskje er det slik det blir med alderen, når folk rundt ein brått og brutalt blir borte. Det er ikkje sikkert det kjem nye mulighetar til å seia at ein set pris på. Det er ikkje sikkert ein får sjansen igjen til å fortelja kor mykje det menneske har betydd berre med å vera der. Alle dei glade smila, alle dei små orda og helsingane. Irritasjonane også. Alle kvardagane side ved side.

Det er så lett å blåsa opp bagatellar. Henga seg opp i irriterande særtrekk hos kvarandre, særtrekk som ein faktisk i ettertid minnest med varme. Om vi berre kunne vera rausare med kvarandre, i ord, i handling, i tankesett. Gje meg ein blom mens eg lever, var ein song frå min barndom. Vi skulle æra kvarandre mens vi enno kan høyra det som blir sagt. Det kostar så lite.

Kanskje ho i butikken som alltid gir vekslepengane tilbake med den rause varmen og det gode smilet skal få vita kva det betyr. Kanskje naboen som spør korleis det går skal få høyra at det er så godt at han er der. Gi ære der ære er fortent. Det er så utruleg mykje vi kan gje kvarandre, mens vi enno har kvarandre.

Ja, litt flaut kan det jo vera, å strø ordblomar slik rundt seg, vi er vel ikkje oppdratt til slikt, så mange av oss. Men skitt, skulle ikkje denne korte stunda vår her på jorda heller vore full av raudnande gleder enn dei tilknappa strame masker.

 

diktet…

I dag skal eg skal vedstå meg ei hemmeleg sanning, – eg likar ikkje dikt. Med det meiner eg det meste eg finn av nyare dikt. Eg som har skrive dikt eit heilt liv, og som ikkje har tal på alle dikta eg har produsert, eg rett og slett synes ikkje om mange av dei dikta som har kome ut dei seinare åra. Eg synes så mange av dei er pompøse, er orddilldalleri, og er meir klang enn gir gjenklang Og dei fleste dikta rører ikkje ved noko i meg, sjølv om eg sjølvsagt må ta det på meg sjølv. Gammaldags som eg vel er blitt, så vil eg bli berørt meir enn imponert.

Heldigvis fins det dikt som har berørt meg djupt i sjela, dikt som har blitt viktige i livet mitt, dikt som har gjort ein skilnad, og som eg aldri ville vore forutan. Men dei er på langt nær så mange som diktsamlingar komne ut pr. år. Og mange av dikta som har sett spor i meg er gamle. Dei handlar om livet, mitt liv, våre alles liv. Dei handlar om kjærleik og hav og død. Dei handlar om dagane med det dei gir av under og forferdelsar. Dei handlar om noko eg forstår.

Eg innser vi er ulike, vi lesarar, og har ulike behov. Eg ser kor flinke mange av diktarane er. Dei skriv så fint og har så mange flotte og nyskapte ord Eg går rundt inne i orda deira og leitar etter eit møte, leitar etter å kunne gripa ei hand så vi kan gå saman, diktaren og eg. Eg les og les, og så les eg ikkje meir. Utan når eg endeleg møter eit dikt som får meg til å le eller gråta, til å nikka eller drøyma, som får meg til å kjenna meg så nær så nær det som dunkar og slår og er livet.

Visst er dei der, dikta, dei som er som opne dører, dei som smyg seg innunder huda, dei som løftar noko i meg så eg forstår noko utan heilt å forstå… Å, kor gjerne eg skulle hatt fleire av desse dikta. Ja, mange fleire. Eg hungrar i grunnen, så det er ikkje sant at eg ikkje likar dikt. Eg går i bokhandelen og leitar for å finna ein Kolbein, ei Oddveig, ein Stein, ein Jan Ove og mange fleire som kan gje meg noko som fyller dei inste romma i meg. Eg leitar etter dikt som kan vera mat for min indre hunger.

 

 

følg draumane dine…

Eg har eit motto på veggen min, i gangen like ved spegelen. Der står der: Følg draumane dine. Eg blei ståande og sjå på det i dag. Måtte tenkja etter, kva draumar har eg eigentleg? Har eg slutta å drøyma? Plutseleg blei det veldig alvorleg for meg, dette med å ha draumar. For om vi sluttar drøyma, vil det då seia at vi har sula inn, at vi på ei vis har gitt opp. Draumane og lengselen, det er jo dei som driv oss framover, som får oss til å utforska, søka vidare, utvida grensene våre. Det kan gå både godt og gale på vegen, men vi  vi står ikkje stille. Står eg stille no?

Eg måtte setja meg ned med papir og blyant. Skriva ned, kva drøymer eg om. Og eg kjende kor letta eg blei då eg fann at jau, enno drøymer eg. Eg blei sitjande med eit tåpeleg smil av glede over at det enno er ting eg vil, enno er uoppnådde måting i livet mitt. Men det hastar litt meir no, så eg kan ikkje venta lenger på ein annan gong, seinare eller når det måtte passa. Eg trur eg må hengja opp ei liste ved sida av mottoet på veggen: Dette vil eg! Og så er det ikkje berre å villa, men å målretta gå dit hjartet fører ein.

Følg draumane dine står det! Det gjeld å finna draumane og gå for dei!

eit vellykka menneske?

Kva er det å vera eit vellykka menneske? Vi er vel mange som slit med kjensla av å ikkje strekka til. Vi skulle gjort annleise val, vi skulle forstått meir, vi skulle sett klårare då dei gylne stundene var der. Kor mange av oss lever ikkje med desse våre kva om. Og vi kjenner på at vi ikkje har lykkast i livet slik vi skulle. Det rare er at så mange av oss glatt overser der vi har lykkast. Fokuset er på eit urealistisk ideal.

Fins det eigentleg noko slik som eit vellykka menneske? Ein kan lykkast i jobb, ein kan nå mål ein har sett seg, men å vera vellykka menneske på alle område? Er det ikkje slik at vi alle er vellykka på enkelte område og ikkje heilt når opp på andre. Er det ikkje det som gjer oss til menneske at vi lever, feilar og forhåpentlegvis lærer litt på vegen.

Gjort er gjort og spist er spist seier dei i Hakkebakkeskogen. Det som er gjort kan ikkje endrast. Det er berre no vi har til å gjera ting annleis, og til å skapa nye ting. Er det så nøye med blanke pelsar og å stå fram som vellykka? Er ikkje det viktigaste å vera heile menneske som lever med sine skår og brister, som er meir opptekne av å fylla dagane ein no har med sitt beste, same kva fortida var. At vi ikkje legg fokuset der bak oss, at vi ikkje arbeidar så hardt med å vera vellykka at vi ikkje vågar snubla, trø feil, og å vera der for kvarandre som støtte på denne kronglete vegen som livet er. For det handlar då om å leva!