Archive for July, 2014

Å vera god med nokon…

Eg las i dag om ein helsearbeidar som var så glad i jobben sin. Kvar dag får eg vera god med nokon, sa ho. Desse orda gjekk rett inn hos meg. Å få vera god med nokon. Er ikkje det den aller største rikdom? Vi kan fylla lommer og kontoar og framleis vera utilfredse. Vi kan reisa verda rundt og kjøpa oss alt fint og vera like lite glade. Men kva når vi har fått vera gode med nokon? Er det dette som er lykka som så mange leitar etter? At lykka er så lett å finna, at det rett og slett handlar om å vera god med nokon. At det vi brukar tida vår og ressursane på gjer ein skilnad. Kanskje ligg det ein djup visdom her. Og ofte kan det vera så små ting som kan gjera så stor skilnad. Lykka, det gode liv, det er vel ikkje å finna i ting og suksess om vi gløymer det viktigaste, å vera god med nokon.

dei late dagane…

Dei late dagane er undervurderte. Det kan verka som om alle skal noko, heile tida. Til og med ferie er travelt. Ein skal nå over mest mogeleg, oppleva mest mogeleg, sjå mest mogeleg. Eg hadde ein kjæraste ein gong som alltid skulle vidare, vidare. Vi kunne knapt stoppa for eit kjapt måltid, det var alltid noko som skulle nåast, fort.

Kor glad eg er i dei late dagane. Det å berre ha tid til å glo. Det å kunne følgja sakte med blikket Marihøna som kravlar seg oppover armen min. Det å kunne ta seg tid til å nyta synet av dei to smårollingane som har funne ein vannpytt og lykkeleg har hoppa oppi, og står der og frydelfult trampar. Det å kunna løfta andletet mot sola når ho er der og la seg klappa. Det å duppa føtene i vatnet utan straks å måtta stupa uti, berre stå der og kjenna dei kjølege småbølgjene stryka over fotbladet. Og å kunna stå og kjenna på sorga over den døde fuglen eg finn på verandaen min.

I sommar ser eg ingen pyramidar og ruinar, eg ser ingen vinmarker, eg klatrar ikkje over sju fjell eller pressar ein motor, det seg vera båt eller bil, framover framover. Eg lever det sakte livet og plukkar dei små nære gledene. Og eg kjenner på den stille lykka over å ha tid til å nyta.

“eg er for rik”

Ei venninne av meg bar med seg to posar med flotte klede til “loppisen” i dag. Somme av kleda var ubrukte. “Eg er for rik”, sa ho. Og ho er så visst ikkje av dei rikaste. Men det slo inn i meg dette, “eg er for rik”. Eg gjekk heim og såg inn i mine eigne skåp. Der hang altfor mykje. Mykje meir enn eg treng. Og eg trur vi er mange. Vi har fulle skåp og skuffer, og vi kan stadig skaffa oss nye ting. Vi kan reisa, vi kan velja.

Det er lett å gløyma at ikkje alle har det slik. Ikkje ein gong i vårt eige land. Rundt oss, ganske så nær, bur dei som prøver å kamuflera så godt dei kan at skåpa deira ikkje er fulle, at dei ikkje kan velja kor dei skal dra på ferie, for ei feriereise er over det budsjettet tåler. Det er born som ikkje har leikekassar fulle av leikar, og som ikkje får gåver til jul som dei må stabla vekk fordi det er fullt på romma. Det er ungdommar som så inderleg ønskjer seg ei tøff T-skjorte til skulestart. Dei er der.

Livet er ikkje rettferdig. Ikkje alle har foreldre og besteforeldre som kan sponsa når sjukdom slår ein ut av arbeidslivet, når jobbar blir borte og inntekta blir borte med det. Ikkje alle har eit nettverk som støttar når utgiftene blir større enn inntektene. Mange kjempar ein skjult kamp for å halda hovudet over vatner økonomisk. Det er lett å tenkja at i vårt velstandsland er det ein sjølv det kjem an på, at støtteordningar fins, men så enkelt er det ikkje, det veit den som har prøvd å leva på minimum. Vi skulle ha djup respekt for den usynlege kampen mange står i.

Heldigvis er det nokon som gir oss som er “for rike” ein mulighet til å dela. Det er eg djupt takksam for. Det er ikkje godt for oss menneske å vera oss sjølv nok. Det er ingen ting vi blir meir glade av enn å få dela, om vi berre kjem oss til. Vi treng ikkje vera så veldig rike heller for å få del i den rikdommen.

Ny og lekker kropp…

Fattar ikkje korleis alle som skal reklamera for ein ny og slank kropp finn mi mailadresse? Eg har blitt overfalt av alle mogelege gode tilbod og det er ikkje måte på kor fort og lett eg skal bli slank og lekker og misunt av mine venninner. Og prisen for det heile er nesten gratis, første månaden, så sit eg i klisteret, men det står med lita skrift og er nesten usynleg, at det vil koma månadlege sendingar til blodpris. Dei tar det visst for gitt at vegen til lykka er ein slank kropp.

No må eg vedgå at eg har hoppa på slike lettløysingar før, men har eg ikkje etter kvart levd lenge nok til å erfara litt sjølv. Jau visst. Og no har eg på eiga hand laga superoppskrifta for å få ein slank og lekker kropp. Og mi oppskrift er veldig billeg.

Først, kjøp plaster, aller helst mikke mus plaster, for det blir ein i så godt humør av. Så tar ein eit plaster på foten, same kor, og spaserer minst ein halvtimes tur kvar dag med plasteret på. Deretter drikker ein rikeleg med vatn for å fylla opp vomma, så mediterer ein og innbiller seg ein er ei ku og får berre lyst på gras og andre vekster. Når kveldshungeren kjem, les ein ei lang og spennande bok så ein gløymer at ein er svolten, og vips, så er ein så slank og lekker som berre det, utan at ein får ei einaste rådyr postsending. Det må i såfall vera alle dei rålekre kleda ein kjøper på postordre til sin nye draumekropp.

Oppskrifta mi er heilt gratis. Garantert suksess også. Men lykka garanterer eg ikkje. Om ein kjenner etter er kanskje lykka her allereie, i den kroppen ein har.