Archive for June, 2014

Som oftast kjem ikkje lykka seglandes på ei fjøl. Ein kan ikkje berre sitja og venta. Då kan det kan gå som med Ingrid Sletten av Sildejord som venta heilt til ho låg kald og daud. Ein blir heller ikkje mykje glad av å klaga over alt det fine som aldri skjer. Eg hugsar ein kunstnar som besøkte heimen min lang tid tilbake, eg sat der og hadde vondt i kroppen og orka ingen ting. Do something, sa han. Det blei med meg vidare, det. Do something!

Det er mykje vi ikkje kan gjera noko med. Vi kan ikkje trylla oss fri frå sjukdom og død og ulykker. Men så er det mykje vi kan gjera noko med, nemleg kva vi gjer med det livet byr oss. Do something!

I kveld har eg ein kveld der verken er verre enn ellers, eg orkar ikkje sitja, eg orkar ikkje liggja, eg greier ikkje gå. Men ingen ting blir betre av å deppa, eller irritera seg, det har eg lært. Så eg gjekk i garderobeskapet, henta fram den raude kjolen, fant fram dei store gule stjernene til å ha i øyro, eg tente lys på bordet, og sette på fin musikk.

Eg verker framleis, men eg kjenner meg likevel betre. Så no sit eg her og drøymer om kva eg kan finna på berre det blir litt betre, for det blir det. Eg er av dei heldige slik, eg har gode dagar også, mange. Lykke, kva er eigentleg det? Er det desse små glitrande øyeblikka då ein kan kjenna håp og forventing? Der ein kan drøyma om dagar som dansar, og så planleggja dagar som dansar. For dei fleste lykkene må ein nok skapa sjølv og gje seg sjølv.

Og å dela noko godt med andre, er ikkje det også lykke?

 

sov deg slank…

Plutseleg var annonsen der, sov deg slank. Å du og du. Eg hugsa den gongen eg beit på eit slikt opplegg. Eg har alltid hatt stor sans for dei lettvindte løysingane, så eg har prøvd det meste av vedundarkurar. Eg har brukt slankeplaster, slankepillar, slankepulver og ikkje minst slankesolar. Dei kosta flesk desse solane, og då dei kom i posten, sto det at eg måtte gå tur på minst to timar kvar dag for at dei skulle virka. Jaja, då hadde vel verknaden vore like god utan solane. Men så kom altså det store fantastiske tilbodet, sov deg slank. Det kosta endå meir enn solane, men kva satsar ein ikkje når gevinsten skulle bli så bra. Eg beit på. Bestilte og betalte, og fekk tilsendt eit tynt hefte med oppskrift. Først skulle eg henga eit bilde på kjøleskapet av ei dame med den figuren eg ønskte meg, men med mitt hovude oppå. Så skulle eg kvar kveld når eg la meg lukka augo og sjå for meg draumebildet av meg sjølv og seia til meg sjølv som eit mantra “eg vil bli slank”, eg vil bli slank, eg vil bli slank”, og halda på slik til eg sovna. Då skulle det skje noko magisk i svevnen, eg skulle bli slank.

Det verka ikkje det heller.

Merkelege greier, eg som har prøvd alt, eg prøver ikkje det einaste som fungerer, å eta gras og gå turar minst dei to timane pr dag som slankesolane kravde. Du bryr deg ikkje nok, sa ei venninne til meg, og det er nok akkurat slik det er, eg bryr meg ikkje nok. Eg synes det kostar meir enn det smakar. Så eg held fram livet som frodig dame, men frir meg ikkje frå at eg tenkjer på alt eg har kasta bort pengar på, det kunne blitt mange gode kaker av det!

det er mange lyster…

Rart med lyster, dei kan plutseleg vera der. I dag har eg så ustyrteleg lyst til å dansa! Eg kjenner korleis rytmane fyller kroppen, eg tar steget ut på golvet, løftar armane, og er klar i posisjon. Ute skin sola, det er varmt og fint på verandaen min, men rastløysa fyller kroppen. Eg vil dansa! Eg vil ha nokon å dansa med, vil bli ført over golvet og vera i ei lang god bølgje. Dance me to the end of love…

Visst ser eg meg sjølv og må flira. Ei dame for lengst passert ungdommen. Ei bestemor. Men sluttar ein nokon gong å vera den ungjenta ein eingong var? Er han ikkje i oss, der innunder hudfallane som krøller seg og alt som sig ned, den yre lengselen. Ikkje heile tida, men iblant. Eg hugsar ei kvinne på godt over åtti som eg var så glad i. Ho sa til meg fortuleg, lysten blir aldri borte!

Det er mange lystar. I dag er det danselysten som dominerer hos meg. Og no tar eg på meg, ikkje danseskoa, men gåskoa og vandrar ut i den fine dagen, og lar smilet dansa, lar draumane dansa. medan eg finn vegen til restauranten med den beste laksemiddagen eg har smakt. Det er mange lyster, og mange dansar. Og det å kjenna på lyster er vel eit teikna på at ein lever!

høgtidsmelankoli…

Eg trur det må vera ein konstrukssjonsfeil på meg. Eit eller anna som har gått galt i produksjonen, for så snart høgtidene og heilagdagane kjem, så kjem også tungsinnet og melankolien sigandes. Mens andre gler seg til fridagar og legg store planar om alt dei skal ta seg til, så startar eg så snart laurdagen er der og tenkja på korleis eg skal kunna gjera eit hopp over helga og få vanleg kvardag igjen. Og så eg, som kan jobba like godt helg som kvardaga, eg som ikkje treng noko som helst innstempling eller utstempling frå jobb.

No har eg ikkje tenkt å gå inn i noko djupdykk i mine indre rom for å finna ut om dette har noko med barndom eller uheldige opplevingar i fortida å gjera. Eg berre rett og slett registrerer det som skjer, og tar tak i det. For ingen ting blir betre av å setja seg ned og la tungsinnet vinna. Eg er vel herre over eige hus, og kan ta styring over livet mitt.

Men det er noko med høgtidene, det å sjå seg rundt på alle som ser ut som om dei har det så kjekt. Der er bilde på facebook av vinglas, oftast to glas ved sida av kvarandre, der er veldekka bord og glade fellesskap. No kan bilde lyga stort, og eg veit jo at eg sjølv også kan vera del av fellesskap viss eg berre oppsøker det. Her gjeld det å bruka fornufta.

Til pokkers med melankolien og tungsinnet, no fyller eg raudt i det eine glaset og tar det med meg på verandaen og skålar mot den nesten skyfrie himmelen. Så bestemmer meg for at denne pinsen skal eg gjera til ein fest for meg sjølv så godt eg berre kan. Så skål!

anger eller takk…

Eg ser stadig på facebook ein artikkel lagt ut om kva folk angrar på når dei ligg på det siste. No håper eg at eg har ei stund igjen enno før det er slutt, men eg stoppar likevel opp og spør meg, kva er det eg vil angra på? Jau, visst er det ting i livet mitt eg skulle gjort annleis. Aller mest at eg har hatt så mange ballar i lufta at eg ikkje har sett alt eg skulle sjå, i augo til dei eg har møtt. At ikkje alle orda har nådd inn til meg, at eg har vore så oppfylt av mitt eige at eg har kome til å oversjå andre sine behov. Det angrar eg på. Og så alle gongene eg ikkje har lytta til mi eiga indre stemme, men har følgd det eg trudde andre ville eg skulle gjera. Dessutan alle gongane eg har teidd når eg skulle ha sagt frå. Jau, det er mykje å angra på. Men kva hjelper det å angra?

Viss eg skulle intervjua nokon som ligg på det siste, så ville eg spurt annleis. Eg ville spurt, kva i livet ditt vil du takka for. Sjølvanklage er vi flinke nok til, men å sjå kva vi har betydd, kva vi har fått teke imot, kva vi har fått av rikdom i livet, der er vi mindre flinke. Eg ville spurt, kva har gitt deg glede? Kva kan du kjenne i deg no at du er glad for å ha fått oppleva. Kva ligg som bål og lyser i minnet ditt? Det same kan eg spørja meg sjølv. Eg blir gladare av dette spørsmålet. Og kanskje finn eg like viktige ting av det. For det gode er det viktige.

Har eg gjort urett, vil eg gjerne få retta opp det som rettast opp kan. Eg vil gjerne seia unnskyld til dei eg gjorde vondt i mitt eige renn der eg ikkje såg det som blei sårt. Eg vil ta på alvor at eg har kome til å såra, oversjå, gløyma. Men på same tid vil eg få lov å gøyma på alt det gode. Alle øyeblikka av nærhet, varme, latter og tårer, alle opplevingane som løfta livet, alle ord, alle bilde, kvilesteinen på fjellet og benken ved stranda. Det å få krypa nær ein annan kropp. Det å stå under ein stjernehimmel og vera eitt med livet.

Eg vil så gjerne at min siste tanke skal vera: Jag vill tacka livet!

Å vera seriøs…

Det er mange tankar ein kan få når ein sit på buss eller tog og har eit hav av tid. I dag sit eg her og tenkjer på det å vera seriøs. Eg har alltid hatt slik respekt for dei alvorlege, dei som tenkjer seg nøye om før dei snakkar og som snakkar sakte og med tyngd. Det er som om deira ord har meir vekt enn det andre meir lettliva seier. Alvoret borgar liksom for seriøsitet.

Har nokon nokon gong forska på dette? Om dei alvorlege er klokare enn dei som ler? Er alvoret eit stempel på at det som blir sagt bør lyttast meir nøye til? Og vil det seia at vi som ler, som kan vera impulsive og ope livsnytande er mindre seriøse?

Rart at det å vera alvorleg, kontrollert og reservert skal inngje slik respekt. Og kvifor kjennes det som å vera ein lettvektar fordi ein har lett for å le og dansa og njuta njuta som svenskane seier. Det kan vera mykje alvor som ligg under den opne rause famna som byr opp til dans. Uansett, kanskje det viktigaste er å lytta anten det som blir sagt er i alvor eller følgd av smil. Vi er alle både kloke og dumme så vi treng læra av kvarandre, tenkjer eg her eg sit i bussen på veg.