Archive for May, 2014

Å forsaka…

Det er vel inga sak å forsaka det ein ikkje har lyst på, sa ei venninne av meg då ein felles venn høglydt proklamerte at han valde å  forsaka å finna seg ei kone for å via heile seg til Gud. Sidan han var homofil var kanskje ikkje det å få seg ei kone den største forsakinga. Ekteskap mellom likekjønna var den gongen unemneleg. Men det med forsaking har eg tenkt mykje på. Eg har spurt mine superslanke venninner om kakene aldri ropar på dei. Då seier dei fleste at kaker fristar ikkje, i alle fall ikkje meir enn eit lite stykke. Dei forsakar ikkje, dei har rett og slett ikkje lyst på. Men kva med oss med lyster? Vi som alltid har lyster, og dertil stor nyting av å følgja lystene.

Forsaking passar meg dårleg. Eg øver meg på å venta. Men tålmod ligg heller ikkje for meg. Når eg forsakar, så kostar det, det lovar eg. Så dei som forsakar det dei ikkje har lyst på kan berre halda munn. Og om nokon lurer, så veit eg godt at dette er eit forsvar for at eg fall for freistinga ein heilt vanleg onsdag, ei kake berre låg der og ropte på meg, og no er ho eten. Men du og du kor god ho var!

ein varm eld i hjarta…

Eg fekk ikkje ein stor kjærleik, eg fekk fleire kjærleikar.  Somme av dei så glødande at eg sto brend att. Og kvar av dei har sett spor i meg og gjort meg til den eg er.

Så rart at alt det såre er borte. Berre det gode er att. Ein varm eld i hjarta.

Ikkje ein av dei ville eg vore forutan!

dag for nostalgi…

Blir alle nostalgiske med alderen, eller er det det at eg er flytta bort frå heimbygda? Det er så mykje eg hugsar, detaljar eg ikkje trudde eg hadde lagt merke til. Alt minner om det som var. Eg sat ved Vannern her i Sverige i dag, såg dei blenkande krusningane på vatnet, og var tilbake i Kuvågen. Eg kunne kjenna den gode grøssen då vatnet nådde meg til livet, like før eg la på symj. Eg kunne kjenna småsteinane under fotblada på veg bak nausta for å skifta. Eg kunne nesten kjenna saltlukta der eg sat ved ferskvatnet og opplevde eit øyeblikk av lykke.

Eg kan berre lukka augo så ser eg blåklokkene som vaks i bakkane heime, dei eg plukka med til bestemor. Eg hugsar steingarden og skinnfloren der det var så fint og sitja og tenkja. Dessutan sykla øyagutane forbi på veg til fotballtrening. Eg hugsar den raude sykkelen min som eg kjende meg som ein fugl på der eg trødde meg til Amandabutikken for å handla. Og kirsebærtreet som måsane og eg sloss om bæra på. Og der måsane alltid fekk mest.

Eg sit her i sola på verandane min og tenkjer at jammen er det mange minne. Og jo eldre ein blir jo lysare blir minna ein vel å ha med. I dag er det visst dagen for nostalgi. Eg løftar andletet mot sola og lar henne stryka meg over huda. Det er skitt å bli gammal, seier mor, men akkurat så gammal som eg er no, er det berre fint!

eg fekk skulda…

Dette forunderlege livet som gir stadig nye opplevingar. I går gav ein nabo meg skulda for å ha fått sukkersjuke. Legen hadde sagt det kom av stress, så sidan eg var venner med dei i nabolaget som gav henne stress, så var eg medskuldig. Ja, ja, så var eg i alle fall ikkje aleineskuldig. Men ho meinte det heilt alvorleg. Eg bad fint om unnskyldning for det eg hadde påført henne, utan at ho tok ironien. Etterpå tenkte eg at jammen er det farleg å leva. Utan at ein anar og veit det kan ein påføra andre menneske vondt. Det er så lett å tolka og misforstå kvarandre. Det kan vera nok kva venner ein har.

Eg kunne ledd det bort, men det ligg noko alvorleg bak. Konfliktar kan gjera folk sjuke. Harde frontar, fråver av dialog, kan få ting til å veksa ut or proposjonar. Vi kan tru å vita om andre, utan å sjekka, utan å spørja. Vi høyrer med farga øyrer og tolkar utan å kjenna kodane.

Eg fekk skulda for at ein nabo hadde fått sukkersjuke, utan at eg nokon gong har veksla eit vondt ord med denne naboen. Eg blei oppfatta på feil side og blei tolka ut frå det. Så lite skal til. Det er til ettertanke…

oppflaska med jantelova…

Eg er oppflaska med jantelova. Du skal ikkje tru du er noko. Seier nokon at du har på deg ein fin kjole, så ver lynsnar med å seia at han er gammal, eller at han er kjøpt på salg for nesten ingen ting. Seier nokon at du er flink, så ver snar å snakka deg sjølv ned. Vis for all del at du ikkje trur godt om deg sjølv, for det er forkasteleg. Desse som briskar og breider seg, dei er ikkje gode, er det blitt fortalt.

Det heng i dette. Slik at når kjekke ting skjer, må eg passa på å gle meg med måte, og for all del ikkje visa gleda for tydeleg. Har eg medgong må eg sanneleg passa på å gjera det lite, ja, få fram at eg rett og slett ikkje har fortent dette, det er reine slumpen. Og eg må i alle fall ikkje vifta med det, for kva skulle vel folk tru om meg då?

Så her sit eg ein tirsdag ettermiddag og kjenner på ei lita skam over å ha delt glede så uforbehalde, og å ha ropt ut på torget at eg har oppnådd noko eg er stolt og glad for. Slikt gjer ein då ikkje. Folk kunne tru eg trur eg er noko. Og eg må då for all del ikkje vera noko.

Til alle som trur eg trur eg er noko, så ja, eg vil nok halda fram med å dela gledene mine. Og sorgene også. Vi er alle til tider både store og små, har medgang og motgang, gleder og sorger. Det høyrer til alt, i eit menneskelig. Så akkurat no tillet eg meg gleda.

det er ikkje gull alt som glitrar…

Så er det 17. mai igjen, og eg har berre så lyst til å minna om at det er ikkje gull alt som glitrar. For om 17. mai er ein flott dag, med vaiande flagg, opp-pynta landsmenn, fellesskapskjensle og dei store ord, så er det også ein dag for dei glitrande fasadar. Denne dagen går vi arm i arm om vi til dagleg sloss som hund og katt. Denne dagen skin vi om vi gret inni oss. Midt i mennesmassen kan ein kjenna seg så inderleg aleine.

Det er lett å la seg blenda av bunadane og smila og alle hurra-ropa, og tru at alle andre er så lykkelege som dei ser ut. Vi er gode til å spela skodespel alle som ein. Eg har gjort det sjølv. Ikkje berre ein gong. Eg hugsar godt den 17. mai eg sto på den flaggpynta scenen i Os sentrum og heldt hovudtalen, eg såg sikkert så oppegåande og flott ut som berre det. Eg heldt fasaden. Etterpå gjekk eg bak eit hjørne og gøymde meg og gret, nyskild og nedfor.

Vi veit ingen ting om kva som ligg bak hos nokon. Mange kan bera sine skjulte sår og smerter og sorger bak bunaden, under smila. Midt i flokken kan ein gå og kjenna seg så inderleg einsam. Om 17. mai var det den skulle vera, så var det ein dag der vi såg kvarandre, der vi ikkje trong vera så perfekte og lykkelege, men rett og slett var saman, som den kvar av oss er, om noko vi alle har felles. Vår grunnlovsdag.

Er det så farleg…

Du er altfor open, seier ei venninne og sukkar. Du deler for mykje av deg sjølv, seier ho. Blir eg for privat i omgang med folk, undrast eg her eg sit. Gir eg ut for mykje? Men kva er for mykje? Eg kan bli freista til å stilla det store spørsmålet, kva er eit liv? Det er i alle fall ei kort stund i den store samanhengen, ei tilmålt tid, så kva er så farleg med å gi av seg sjølv? Det er fritt opp til andre å ta imot eller ikkje.

Er det så farleg kva folk synes og kva folk veit? Visst kan andre gjera seg sine fantasiar, dei kan missforstå og dømma. Men er det så farleg? Eg vel å gi ope, men eg veit at det inste, det held eg att. Og ingen kan kjenna det som er der utan å vera på innsida mi. Og der er berre eg.

Om hundre år er allting gløymt, seiest det. Det meste er gløymt lenge før. Eg ønskjer ikkje å kneppa att livet mitt, eg ønskjer å leva det ut. Så får eg heller betala prisen for det. At nokon synes og meiner.