Archive for January, 2014

5-2 dietten…

Eg har prøvd meg på 5-2 dietten. Ikkje for å bli tynn (det toger er nok gått), men fordi dei seier det er helsesamt. Og det er noko med å ta vare på den helsa ein har. Men du og du kor tøfft dette er for ei som er så glad i mat som eg. To dagar i veka på faste. Nesten uoverkommeleg. Men berre nesten. For eg har oppdaga geldene som følgjer med som ein bonus.

Aldri har gleda over mat vore så stor som dagen etter fasten. Og aldri har fryden og forventingen vore større enn kvelden under fasten før ein skikkeleg frukost dagen etter. Eg går her med knurrande tarmar og er ulv i ørkenen, men i morgon, i morgon er det ein heilt vanleg dag igjen. Eg skal stå opp og eta mi brødskive med ost. Eg skal gå til kafeen og unna meg kake, for det kan eg jo etter ein fastedag vel? Og eg kan eta heilt vanleg middag og kvelds. Det som før var rutine og kvardag er no blitt fest. Kvart måltid er blitt dyrebart og etterlengta og blir sett umåteleg pris på.

Eg er komen nesten gjennom min fjerde fastedag på to veker no. Og eg kjenner alt at dette er godt for skrotten, trass i svolten som gneg og lystane som spring løpsk. Eg synes eg kjenner korleis både eine og hin lysten er tilbake, og at energien og kreativeiteten aukar. Er det berre trua? Du og du korleis dette kan enda, – viss eg held ut!

I morgon skal eg til middag til ein nabo, og aldri har eg gledd meg meir. På kjøkkenet står nysteikt kake som eg skal ha med. Og eg snusar og snusar og gler meg så uhemma. Aldri har eg visst at ein “diett” skulle ha slike “biverknader”, – berre eg held ut. For akkurat no er det kun vilje som held meg borte frå kjøleskåpet. Men eg trur på helsegevinsten. To dagar faste i veka kan gå an når det er fem dagar igjen å forsyna seg i. Hadde eg ikkje frotsa så frydefullt dei fem dagane så hadde eg kanskje fått ein annan gevinst også.

spesiell…

Ny bok er alltid spesielt, av og til meir spesielt. Boka som kom frå trykkeriet i dag er for meg noko ekstra. Eg har fått femten historiar frå livets minnebok. Menneske som har levd ei stund, men som enno har livskraft. Ikkje alt står i boka, noko ligg i mitt hjarte. Som ho på over nitti som med eit lurt smil fortalde at då ho kom til sjukeheimen hadde ho bede om å få dobbeltsenga si med, ein visste aldri… Eller han som hadde gløymt alt frå dagen i går men som livna til då han fekk fortelja frå barndommen. Det var ho som låg med intravenøst og var ganske dårleg, men som glitra til då ho fekk fortelja. Og som sa til pleiaren i det eg gjekk ut døra “dette var kjekt”.

Eg fekk møta menneske som ikkje hadde vore på Mount Evrest eller hadde segla verda rundt. Menneske som hadde levd det vi vil kalla kvardagsliv. Men kvart liv har sine historiar. Gleder, sorger. Store og små hendingar som har betydd noko. Som har berørt og gjort noko med ein. Eg er audmjuk overfor at dei ville dela frå liva sine. og eg gler meg til at dei skal få halda boka i hendene og lesa. Og eg håper dei vil kunne vera stolte over det dei har vore med på. Det betyr noko for meg.

Ja, nokre bøker er meir spesielle. Fordi spesielle menneske er delaktige i boka. Og fordi prosessen med boka berika den som skulle skriva.

fram med tigertightsen…

No snakkar du som ei gammal dame, var det ein som sa til meg i dag. Oj, eg måtte stoppa opp. Snakkar eg som ei gammal dame? Kva meinte han med det? Eg er ikkje sytten år lenger og er vel nøgd med det. Eg trives her i livet eg er. Men gammal dame? Eg måtte ta meg ei stund til ettertanke. For kva var det som fekk han til seia at eg snakka slik? Var det det at eg driv og held vareoppteljing av livet og ser meir bakover enn framover? Er det det at eg lever så veldig i øyeblikket og har nok med det? Hm, kanskje tida er det for å sjå framover. Ikkje mot slutten, men på mulighetane.

Eg elskar å dansa, men kor lenge er det sidan eg sist oppsøkte ein dansestad? År visst. På tide med å planlegga ein kveld på byen, kanskje! Eg har vore for lat lenge no til å ugga meg ut. Eg elskar sol og varme, men kor tid sist drog med flyttfuglane mot varmare land? Ti år sidan? Eg reiser nok som det er, har eg sagt. Er det gammaldamesnakk? Eg elskar tigertights, men har ikkje gått med dei på ei stund. Føler eg meg for gammal?

Ja, eg er godt over midten av livet, men er likevel midt i livet. I går kjøpte eg meg kjole, ved eit uhell viste det seg å vera mammakjole, eg syntes kjolen var så fin som kamuflasje. Namnet skjemmer ingen. Men no får eg jammen ta på meg kjolen også, for fin var han, og ikkje berre la tida surra av stad. Ikkje berre tenkja, men handla. For kanskje vil nokon svinga rundt i dansen ei ikkje heilt gammal dame i stormønstra mammakjole. Du ser så salig ut når du dansar mamma, sa dotter mi. No treng eg visst jammen å bli litt salig igjen. Så fram med tigertightsen også, og så å bestilla reise ei veke til varmare land.

Gammaldamesnakk? My ass.

Nyttårsforsett…

Eg har kanskje eit litt rart nyttårsforsett i år. Nemleg å leggja lista lavt. Då må det berre bli gledelege overraskingar heile tida. Eg vil skru forventningane ned, både overfor meg sjølv og andre. Dermed trur eg gleda vil bli desto større over dei små ting.

Visst vil eg drøyma. Visst vil eg jobba jamt og trutt. Men eg vil prøva sjå dei små nyansane, fanga dei små øyeblikka. Gleda meg over dei små sigrane og gåvene som dukkar opp. Eg vil ikkje slita meg ut på urealistiske forventningar med dertil følgjande skuffelsar. Eg vil ikkje festa blikket på det som ikkje blei og ikkje kan bli. Eg vil leva i kvardagane og sjå magien i det kvardagslege.

Mount Evrest og Kilmanjaro får andre ta seg av. Eg vil vera her.