Fri og bevare meg frå den perfekte jula. Den perfekte pynten, den perfekte familien, den perfekte maten. Eg blir sveitt berre ved tanken. Nei, eg vil slå eit slag for den uperfekte jula, der pynten er eit samsurium av heimelaga barnegleder, gamle minne, englar med brest på vingene, det som ikkje er så flott å visa fram på facebook men som får hjartet til å dansa. Og så slår eg eit slag for dei uperfekte familiane. Det er kanskje dei det er flest av. Med underliggande spenningar og skjulte konfliktar, men der ein prøver så godt ein greier å gjera det greit den stunda ein er saman, og legg lista der. Og så maten. Ein kan ha det godt utan sju sortar og sprø svor og alt som om det kom rett frå sjustjerners restaurant. Det kan vera mykje god nyting i det uperfekte.

Eg går for ei jul der vi ikkje lar urealistske draumar vera styrande, men der vi kan bruka alle mulighetane som er innanfor avgrensingane. Ikkje alle kan samla stova full av dei ein høyrer til saman med. Og for mange har jula ei understrøymande elv av sorg og savn. Det må levast med. Så eg går for den uperfekte jula der vi lagar oss desse små gode øyeblikk slik kvar av oss har det akkurat no. Grip det som er, kjenner etter kva som er godt, og går for det. Det er så mange gleder vi kan laga oss. Uperfekte nydelege gleder. Så skit la gå med det perfekte.