Eg sat på kafeen etter velgjort jobb og unte meg dagens middag. Potetball. Ved bordet ved sida av meg sat eit par sånn midt i livet som også unte seg middag ute. Deii sat der overfor kvarandre med kvar sin telefon, begge like ivrig opptatte av kanskje tvitter eller facebook eller kva no som var der på den vesle skjermen framfor dei. I alle fall var heile deira fokus der. Ikkje ein gong då maten kom på bordet framfor dei hadde dei tid til å leggja telefonen bort. Mellom kvar munnfull gjekk auger og fingrar på det vesle vedunderet.

Eg blei sitjande og sjå på dei. Undrast kor lang tid det ville gå før dei løfta blikket og såg på kvarandre. Men det skjedde ikkje det eg kunne oppdaga. Blikket var festa på telefonen, og knapt på maten før tilbake på telefonen igjen. Og då maten var eten, fekk igjen telefonen all fokus. Eg såg at dei snakka til kvarandre, kanskje delte dei noko dei hadde lese eller skrive sjølve, men utan å sjå opp. Utan augekontakt.

Eg sat der og tenkte, er det slik vi er blitt? Så fanga av det der ute at vi gløymer det nære? Er det rart vi blir framande for kvarandre når vi gløymer sjå kvarandre? Kor tid sist såg dei to ved bordet kvarandre inn i augo og spurde kvarandre: korleis har du det? Kor tid sist strekte dei hendene mot kvarandre og lot fingertuppane varsamt stryka?

Eg blei sitjande der og undrast. Vi treng vel framleis bli sett og bekrefta av kvarandre, ikkje berre digitalt? Eg fekk ei påminning. Eg har vel tendensen eg også til feil fokus. Viktigast er vel når alt kjem til alt dei menneska som sit overfor oss ved bordet!