Archive for October, 2013

den nynorsken…

Var det eit kompliment då ei engasjert bokhandlardame sa at den lettleste bokserien min om Hanna/Emma var noko av det beste ho hadde lese for barn i det siste. Berre synd at bøkene var på nynorsk. Ja ha ja. Synd at bøkene var på nynorsk. Ja, eg skriv på dette målet som så mange har vegring mot. Ein bibliotekar i en by der eg var på forfattarbesøk var rysta. Etter at eg hadde vore på besøk i skulane i byen kom ungane til biblioteket og lånte bøker på nynorsk. Det var visst heilt horribelt det. Men når eg snakkar til ungane om bøkene mine, snakkar eg aldri om målform. Det er lærarane som må minna elevane på nynorsken. Ja, boka er på nynorsk altså, seier læraren. Det er litt vanskeleg å lesa, det. Då må eg spørja ungane: er det vanskeleg å forstå kva eg les? Og det rare er at det aldri er  nokon  av dei som har problem med det.

Men altså, dei vaksne synes det er synd at bøkene ikkje er på “riktig” norsk. Og det er dei vaksne som vel bøker til ungane. Det er dei vaksne som kjøper, det er dei vaksne som formidlar. Og den som vil tena pengar bør jo laga det kjøparane vil ha, eller? Men så er det noko med dette hjartet då. Og noko med det å vera tru mot det som er sitt. Det å vera glad i eit språk, det å kjenna at språket er ein del av identiteten. – og det å synas at noko viktig går tapt om ein gir frå seg sjela si for mammon.

Eg har ikkje vore så lur i livet, eg. Eg er ikkje blitt så rik på pengar heller. Men du kor mykje eg har fått av den andre rikdommen, den som ikkje står på nokon annna konto enn hjartekontoen. Så eg tenkjer det får halda ei stund til med det.

 

målet er ikkje å koma fram…

Mål i livet er ein fin ting. Vi må ha mål for å ha noko å gå mot. Vi må henga opp stjerner over vogna vår for å ha noko å følgja etter. Men kva med vegen vi går? I blant kan det opplevast som om vi har det så travelt mot målet at vi gløymer alt det vakre som er på vegen. Har vi det så travelt med å få livet unnagjort at vi ikkje lever det?

Eg tenkte på det i dag. Eg har litt mange ballar i lufta, litt mange ting som skal gå i hop no. Går eg framfor meg sjølv, er eg eit steg vidare før eg har opplevd dagen i dag? Evnar eg ta pause, trekkja pusten djupt og tenkja som ei venninne av meg alltid sa når det blei vel mykje som skulle gjerast: “First we take Manhatten, then we take Berlin”.

Ein ting om gangen, å kunna greia det. Vera her no, vera så tilstades at ikkje dyrbare møte, dyrbare øyeblikk går forbi. Målet er ikkje å koma fram, målet er å vera der ein er på vegen.

det viktigaste ordet…

Eg hadde ei venninne som sa at viss ho møtte folk som ikkje røykte, ikkje drakk og ikkje banna, då lurte ho alltid på kva laster dei hadde. Eg kom på dette i dag då eg las intervju med Bjørn Eidsvåg. Han sa noko slikt som at viss han møtte folk som var heilagt overtydde om noko, då høyrde han ikkje etter, då var det som regel tull det dei kom med. Og har vi levd ei stund så har vi vel alle erfart at blanke pelsar kan gøyma så mangt. Far min sa alltid at store ord og fleskafett sto ikkje fast i halsen.

Det er ikkje fasit på livet. Og det tar så mykje krefter å heile tida halda på fasadar, villa eiga sanningar, og å passa på at maskene er på plass. Kanskje det viktigaste vi kan gjera i livet, er å vera audmjuke, undrande og lyttande. Det er noko bak alle dører. Det er noko i alle liv. I blant er det så søkkande godt å vera saman med folk som viser lastene sine og som ikkje har alle svara. Ein romsleg klem kan vera det viktigast ordet på alle språk.

“sputto”…

Då eg var jente hadde vi ein katt heime som vi kalte “Sputto” fordi ho freste så fælt. I dag kjenner eg meg som ei slik “Sputto”. Dagar som i dag burde eg halde meg innanhuses, eg burde halde meg vekke frå folk, fordi sperrene er mindre og temperamentet litt slik laus kanon. Eg merka det med det same eg vakna i morges. Noko i kroppen, ja, i heile systemet. Til vanleg innbiller eg meg at eg er ganske velbalansert og reflektert, men dagar som i dag kan mest samanliknast med slik eg blir etter tre glas vin, eg blir fritt-talande, direkte og utan for mange hemningar.

Eg burde halde meg heime. Eg burde hatt facebook avstengt. Eg burde halde meg under dyna med ei god bok til dei indre stormane hadde lagt seg. Men det gjorde eg ikkje. Ikkje det at eg har sagt noko eg ikkje meinte. Tvert om. Ikkje at eg har vore vondskapsfull og ufin. Men eg kunne ha tenkt meg litt meir om før eg freste ut. Trøysta mi fann eg då eg las nokre ord ein venn av son min skreiv: “Å tenkja seg om før ein talar er som å tørka seg bak før ein har skite”.

Eg likar ikkje å vera “Sputto”, eg likar ikkje desse dagane då mitt indre fresar. Men å vera eit ekte menneske er vel å vedstå seg både godt og vondt.

kveldstankar…

Er det eit alderdomsteikn, dette å vera nøgd med livet? Å kjenne på denne gode roa, storparten av dagene. Å enno ha draumar, men rolegare. Det å sakte følgja måla ein har sett seg, men ha tid til å ta friminutt på vegen. Kvar tid har sitt. Her eg er no, er utfordringane annleis. Ein kropp som verker krev sitt, og det at ting tar lenger tid. Men det er så mange gleder. Øyeblikka, det å kunna gå saktare, det å sjå dei små tinga tydelegare, det å ha med seg eit forråd av minner. Minner som er ømme og minne som får hjartet til å dansa.

Det er slett ikkje dumt å få lov å bli eldre. (Sjølv om eg er langt frå gammal) Det å ha så mykje med, og enno kunna få fylla meir på. Kor dyrebare dagane er, og tida. Aldri har det vore tydelegare enn no. Så lenge helsa held, sa dei gamle. Og så lenge ein kan stå opp om morgonene og kunna opna døra ut og sjå både sol og regn. Og vita at der fins menneske der ute som ein kan gje av sin varme. Livet er ikkje kva ein kan få sanka seg, men kva ein kan få lov å dela. Den gamle boka har sine visdomsord, eit av dei er at den som er god mot andre får velsigning.

ei påminning…

Eg stoppa ved ein plakat i dag. Ei påminning. “Gløym ikkje dei som støtta deg i vanskelege tider”, sto det. Vi veit, alle vi som har levd ei stund, at livet skiftar. Det kjem gode dagar og tunge dagar. Slik er der. Men når dei gode dagane er der, når kreftene er der, og gleda, er det så lett å gløyma at det var tider då ein verkeleg fekk oppleva kven som var der og støtta opp, og også kven som ikkje var der. Det er når dei tunge dagane kjem at ein får erfara kven ein har rundt seg.

Eg sto der i påminninga, og ansikt steig fram for meg. Menneske som viste varme då det var som kaldast i livet. Menneske som viste omsut då eg trong det som mest. Handtrykket på skuldra, klemmen i forbifarten. Dei kanskje korte men velmeinte orda. Og dei som sto som ein påle ved sida av og tålte saman med.

Gløym aldri dei som støtta deg i vanskelege tider. Eg er glad for påminninga. Og eg kjenner denne gode varmen i meg når eg ser dei for meg, desse som var der for meg. Kanskje er det nokon andre i dag, som treng at eg er der. At eg stiller opp. Det skal ikkje så mykje til før det gjer ein stor skilnad, det veit eg. Eg har vore der.

denne skamma…

Rart dette med skam. Kva ein skammar seg over. Sjølv kan eg le av ein rakna strømpe i fint selskap, og eg blei berre litt flau då eg oppdaga eg hadde stått og lest opp med genseren på vranga. Om eg seier noko feil ein stad der det  absolutt skulle vore rett, så bergar humoren meg. Men no har eg ete ein bolle på ein heilt vanleg onsdag, og eg skammar meg. Skammar meg inderleg over min svake karakter. At lysten er større en prinsippet. Skammar meg over kiloane eg ikkje greier halda under kontroll. Eg greier ikkje bli slank, eller slank og fin som folk seier i same andedrettet. Det er jo berre å bestemma seg, seier dei. Ja visst, det er berre å bestemma seg. For kva er vel meir skammeleg enn å ha stor appetitt.

Eg har alltid hatt stor appetitt. På mat, på gleder, på kropp og hud, på livet. Men skulle det vera skamfullt å vera ein nytar? Eg skulle vel heller skamma meg over mitt overforbruk i ei verd der så mange treng så mykje. Eg skulle ha skamma meg over å tåla den urett eg veit om men lukkar augo for. Eg skulle ha skamma meg over mitt manglande engasjement for den jorda vi lever på og har ansvar for. Den skamma er på sin plass.

Og eg sit her og har ete bolle på ein vanleg onsdag og kjenner skam. Fordi eg ikkje sto imot freistinga. I staden for å klappa meg sjølv på skuldra og sei: Vel unt Bente! Vel unt! Gå no ut og unn også andre noko godt!

fridag…

Eg hadde vel neppe trivast som dagdrivar, til det surrar det for mange idear i hovudet på meg heile tida. Men du kor godt det er med fridagar. Dagar då ein bestemmer seg for at i dag er det min dag. I dag skal eg gjera det eg har lyst til. No er eg heldig og har lyst til jobben min, kanskje i overkant. Men i dag tok eg fri. Saman med ei venninne med bil, la vi ut på dagsafari. Vi drog rett og slett på handel. Vi raida Lidel og hamstra dopapir og kjøkkenrullar og mjøl og vaskepulver og alt slikt som ein sparar kroner på når ein går på rette staden og handlar. Så raida vi ØoB der eg fekk hamstra inn skrivesaker til spottpris, og så litt anna attåt. Vi gjorde verkeleg godhandel og var så nøgde med alt vi hadde spart at vi gnei oss i hendene.

Då var det tid for kafe. Og vi gjorde det ikkje smått der heller. Først kinalunsj til sytti kroner, vi sat der og talde opp alt vi hadde spart. Og så gjekk vi vidare til neste kafe der det er kaffi og kake å få til tretti kroner på dei gode dagane. Snakk om gevinstdag. Berre det at på eit stativ utfor ein butikk eg passerte, der hang det ein kjole, nedsett til halv pris. Og vips så var alle dei sparte kronene brukte. Men eg tenkte at summasummari så gjekk eg vel i alle fall nesten i null, gjorde eg ikkje?

Dagen har vore nydeleg. Og no ser eg ut på den haustvakre kvelden og gler meg til te med honning i til Tv- kosen. Og sjokoladen eg kjøpte, den SKAL eg gøyma til laurdag. Trur eg. Fridagar er ikkje å forakta, nei. Men det er nok likevel billigast med arbeidsdagane!

livet har i seg alt…

Sola skin. Det er ein vakker haustdag. Og eg undrast, går det an å vera både glad og trist på ein gong? Går det an å kjenna på takksemd og sorg på same tid? Ja, jammen gjer det det. Livet er ikkje eindimensjonalt. Livet har i seg alt.

Eg trur eg er ei glad jente. Eg grip dei små kvardagsøyeblikka med stort nærver. Men bakteppet er der. Savnet. Det eg har mista. Dei som er borte. Og det eg valde bort. For vi får aldri alt. Ja, det ligg der under, det såre. Likevel kan eg kjenna denne audmjuke takksemda. For dagen. For livet. For det som enno er mogeleg.

Gleda er ikkje lettvint. Når vi møter kvarandre, kan det vera greit å vita at vi berre ser fragment av livet, og at alle er meir enn vi ser.

ja visst er der rynker…

Eg kom over ei overskrift i dag. Der sto det: “Eg hatar ansiktsrynker”. Eg måtte lesa to gonger. Så gjekk eg og stilte meg opp framfor spegelen. Der studerte eg mitt eige andlet. Ja, visst er der rynker. Men hatar eg dei? Nei, handa på hjarta, eg gjer ikkje det. Eg synes eg kler dei! Dessutan, rynkene fortel jo at eg har levd. Dei ber i seg alt det eg har opplevd, alt eg har erfart. Dei ber i seg sorgene og smertene, og tapa, men også alle gledene. All fryd, all lykke, all dansen eg har dansa! Det er jo min konto dette. Min velfylte konto. Eg har hatt eit liv!

Det går visst an å gjera noko med rynker, seier dei som veit noko om det. Ein kan bli glatta ut og bli blank som ei barnerompe visst. Men er det eit mål? Forever young? Nei, det er ikkje noko for meg. Ein gong var eg ung, ein gong var eg nesten ung og framleis glatt. Ein gong kom dei aller første rynkene snikandes ved augo og munnvika. Fortalde at no var eg blitt vaksen. No hadde eg fått karakter. Skal det bort?

Kvar alder har sine gleder. Kvar alder har sine utfordringar. No er eg her. Og nei, eg hatar slett ikkje rynkene. Eg viser dei stolt fram. Dette er eg. Dette er kvinna eg er blitt etter alle dei ulike dagane eg har levd. Ser du ikkje at eg er vakker akkurat slik, så får du la vera det. For eg trives med det andletet eg har. Visst kan eg leggja raudt på leppene og svart rundt augo, og noko brunt på huda når eg skal vera fin, men rynkene, dei skal få vera der. Same kor mange dei blir!