Archive for August, 2013

noko å gle seg til…

Heng ei stjerne over vogna di, las eg i eit dikt ein gong. Kven som skreiv diktet har eg gløymt, men ikkje orda. Heng noko over livet ditt, noko å navigera etter. Eit liv under ein stjernetom himmel vil vel bli ganske grått.

Eg er glad i dei små tinga. Dei som kan gjera kvardagen lysare. For tida har eg mi fredagsglede. Eg har gitt meg sjølv lov til å eta kake kun fredagen. Og du og du kor eg gler meg til kvar fredag. Heile veka kan eg gå med denne forventninga. Tre dagar til fredag. To dagar. Jammen er det godt å ha noko å gå og gle seg til, sjølv om det berre er eit kakestykke.

Livet skiftar, og det er ei tid for alt. Ei tid for dei store utfordringane, ei tid for å brenna og satsa på det nestn umogelege. Og ei ti for slitne kvardgar. Men vi treng stjerna over oss uansett. Noko å løfta blikket mot, noko å henta lys frå. Stort eller lite. Og akkurat no har eg funne mi kakeglede. Kvar fredag! Det skal ikkje meir til akkurat no.

vi treng det vakre…

Etter å ha skumma dagens aviser på nettet, kan ein kjenne ein ørliten depresjon koma sigande. Så mykje elende, så mykje trist. Korleis skal vi kunne gi håp og livslyst inn i ei verd av krig, kampar, nød, smerte og uforstand? Då treng vi det vakre. Gud hjelpe oss kor vi treng det vakre. Det som berører våre indre rom, det som gir oss øyeblikk å kvila i. Det som tenner lys over det grå.

Vi treng parkane der vatnet sildrar dansande lett frå fontener, vi treng blomane som sprer farge og fryd. Vi treng katten som stryk seg langs leggen vår. Vi treng bilda som vi kan kvila augo på. Vi treng musikken. Og vi treng orda, dei vi kan ta inn i oss og la våre draumar få venger ved.

Gjennom det vakre kan vi få krefter, styrke og mot til å kjempa for det vi trur på, for det som er viktig for oss. Det vakre er ei kjelde å henta glede frå, og gleda treng vi så visst. Livet krev av oss alle, men det vakre er der. Er der til å bli tatt imot.

Somme menneske får ein til å bli glad berre ein ser dei. Same kor sliten ein er, same kva ein tumlar rundt med av tankar, så skjer det noko med ein når ein møter desse. Det er noko med det opne, det som lukkar ein inn. Det rause, det varme. Kanskje er det det at ein blir sett. Det er noko med desse menneska.

Eg fekk telefon frå ei i dag, ei som alltid får meg til å kjenne meg annleis når vi har snakka saman. Eg kjenner meg gladare, sterkare, som om alt er mogeleg. Eg høyrde den lyse stemma hennar i telefonen og eg såg henne for meg. Og energien hennar nådde meg trass i avstanden. Eg som like før hadde vore trøytt, eg kjende korleis det vakna i meg. Korleis kreftene kom tilbake og gleda vaks.

Somme er slik at ein blir rik av å møta dei. At til og med ein telefonsamtale gjer noko med ein. Og heldige er vi som kjenner slike menneske.

alt kan ikkje lukkast…

Eg har aldri vore kjend for min praktiske sans. Og ikkje har eg vore synderleg nysgjerrig på å finna ut kva ulike verkty skal brukast til heller. Eg har vore velsigna med praktiske menn rundt meg. Men ingen ting varer evig. Ikkje dei praktiske mennene i mitt liv i alle fall. Og her står eg og må greia meg sjølv. Og jammen har eg greid å renska sluken på badet og skifta batteri i brannvarslaren same kor høgt oppe i taket han var og kor høgredd eg er. Eg har fått bilde opp på veggen ved hjelp av kjevelet som hammar, og eg  har til og med lagt fliser på verandagolvet. Så sjølvtilliten var ad oppadgåande. Men så rauk pæra i den historiske stålampen min, innkjøpt på loppemarknad. Pease of a cake, tenkte eg og labba på butikken etter ei pære som skulle passa.

Der skulle i grunnen historien slutta, for det var jo berre å få pæra i og så lysa opp stova igjen. Men var det så vel? Eg tok tak og skulle skru ut den gamle pæra. Ho var styggeleg treg. Så eg tok tak og drog til. Berre at der sto eg med heile kva det no heiter i handa, brote tvert i to. Spetakkelet var ikkje til å reparera. Ny pære var ikkje å få i. Eg såg i anden for meg dei praktiske mennene i livet mitt på rekkje og rad, høyrde sukket kor det gjekk som ein haustvind gjennom stova. Så eg tok heile lampen med meg og slepte han med til avfallsboda. Der heiv eg han ned mellom anna overlatt til ein usalig slutt og lot han fara inn i gløymsla.

Det var det, sa eg på godt Fleksnesspråk og kosta av nevane. Ein kan ikkje lukkast med alt her i livet!

 

draumar…

Eg har tenkt litt i det siste, på draumar. Dei vi drøymer i vaken tilstand. Kva det gjer med oss å ha draumar, og kva det gjer å ikkje ha det. Draumane er jo steget før handling. Og draumane er jo det som sitrar og får oss til å gå vidare framover om vi blir slitne og lei. Draumane er drivkraft og stimulans. Og om draumane blir borte, ja, visnar vi då? Eg vil ikkje visna!

Eg har stått her og prøvd å gripa fatt i kva draumar eg har no, her eg er i livet i dag? Mange draumar er oppfylte, mange draumar har misst sin glans. Men då eg gjekk inn i meg sjølv, så fant eg jammen at der var nye og uoppfylte draumar som låg der. Og eg kjende korleis eg vakna då eg såg dette.  Men draumar utan handling blir det lite av. Ein kjem ikkje langt av å stå stille. Eg held fast på orda til ein venn av meg då eg nølte fordi noko syntes så vanskeleg og umogeleg: “Go for it”. At ting verkar umogeleg betyr kanskje berre at det tar litt meir tid og stahet å få gjennomført det.

glede!!!

At ein skal bli så ufatteleg glad for ein invitasjon. Frå menneske som har vore ein viktig del av livet eins, men der åra gått og tid har lagt seg mellom. Og også geografisk avstand. Men altså, der kjem meldinga, set av datoen. Ein er hugsa når merkedagen skal feirast.

Det har dansa i meg sidan invitasjonen kom. Eg er ikkje gløymt. Eg er enno med i dei liva som har berørt mitt. Eg skal få vera med også i denne feiringa. Få gleda meg saman med menneske eg set så høgt.

Så stort er det, å bli rekna med! Å få bli lukka inne i krinsen ein ein gong var del i. Forunderleg stort. At det kan gje ei slik uendeleg uendeleg glede!

javisst er eg barnsleg…

Det er heldigvis lov å vera barnsleg. Og det er rett og slett gøy å vera barnsleg. Her i hula mi, i mitt vesle paradis, søv eg under dyne med Ole Brum på dynetrekket. Hovudet legg eg på pute mot ein smilande Tigergutt. Dusjforhenget mitt har bilde av Mikke Mus, og på badeveggen heng bilde av Betty Boop i badedrakt. Ein må berre bli i godt humør av slikt.

Tekanna mi er knallraud, og tekoppen har ein dansande katt på seg. På sofaen sit ein knallgul kylling året rundt. Og når det er kaldt, har eg tøflar med augo og øyrer på. Det er slike smågleder som eg kosar meg med.

Ja visst er eg barnsleg. Eg kan det med å laga meg gleder!