Archive for July, 2013

de små tinga…

Ofte er det dei små tinga som betyr så utruleg mykje. Små handlingar, små ord, eit enkelt smil. Meir enn dei store festtalane blir vi berørt av enkle kvardagshendingar. Eg tenkte på det då eg gjekk på bussen i dag. Før eg hadde fått tilbake vekslepengane, starta sjåføren bussen og eg fauk bakover midtgangen. Vaklande fekk eg kasta meg ned på eit sete. Då såg eg for meg buss sjåførane i mitt svenske paradis. Alltid med eit smil og eit hei når eg kjem på. Bussen står roleg til eg har sett meg godt tilrette. Og det hender sjåføren snur seg og spør “sitter ni bra” før han byrjar kjøra. Ein busstur blir ein høydare. Ein kjenner seg sett og ivaretatt. Og bussane er likevel alltid i rute!

I våre møte med kvarandre, på jobb, i kvardag, der vi er, kan vi ta oss desse små øyeblikka. Sjå kvarandre. Seia dette vesle hei. Kanskje spørja har du det bra? På stamkafeen min seier dei namnet mitt når eg kjem. Hei Bente. Kvar gong kjenner eg det som ei glede. Eg er sett. Eg er synleg. Så lite skal til. Så utruleg lite!

Det første vi blir blind på er augo, seier eit gammalt ord. Men hjarta kan overstyra augo. Og vi har dagen i dag!

smalen og grisen…

Humoren min har ofte hatt det med å slå til på upassande stader. Og som ung vanka eg på bedehuset der det ikkje var så stort rom for ukontrollert latter. Eg hugsar enno torsdagsmøtet der ein ung, ny predikant var komen for å tala. Med stort alvor sto han på talarsolen og skulle snakka over teksten om Jesus som den gode hyrde, og vi som sauene hans. Den unge predikanten ville vel visa seg gjerningen verdig, så han la sterk salvelse i stemma. Det var så mykje følelse i kvart ord at det ikkje var måte på. Og alt der byrja latteren å prikka nederst i mageregionen min. Men eg styrte meg. Like til predikanten med alt sitt alvor såg på oss og sa med sakte og inderleg stemme: “Du og du kor godt det er at Jesus samanliknar oss med smalen og ikkje med grisen…”

Då brast det for meg. Eg kvalte eit latterhikst og krølla meg saman på benken og prøvde dukka ned og gjera meg usynleg. Krampane i magen var nesten uhaldbare der eg heldt att og heldt att… Men så fortsette predikanten med same store alvor: “Grisen veit de, om vi skurar han aldri så rein, så veltar han seg straks i søla igjen. Mens smalen…” Der tok han ein lang kunstpause og såg alvorleg utover forsamlinga. “Smalen, han held seg så kvit og rein.”

Då greide eg ikkje meir. Hikstet sprengde seg fram, latteren reiv meg i magen så eg ville sprikka. Heile kroppen min rista, og eg gispa etter luft. Der var ei urkraft, det lot seg ikkje halda att meir. Dei på benkane rundt meg sette augo i meg, og predikanten sto der taus med kulrunde augo og gapande munn.

Eg kan aldri sidan høyra ordet smale uten at eg kjenner etterdønningane av latterkrampen i magen. Og for dei som ikkje veit det, så er ein smale i mine heimtrakter det same som ein sau :-) .

sommaren er verst, sa ho…

Sommaren er verst, sa ei eg snakka med i dag. Verst av alle årstidene. Alle snakkar om ferieplanar. Det kjem SMS helsingar frå lykkelege par og familiar. På facebook dukkar det opp bilde frå eksotiske byar og kvite badestrender, med smilande andlet i forgrunnen. Alltid nokon saman. Det er då ein kjenner på det å vera aleine. Kor ein snur seg, er det to og to. Eller to store med nokre små med. Og same kor mykje ein prøver å finna på noko kjekt sjølv, ligg det såre der under. Ein er aleine. Aleine om opplevingane. Ingen å snu seg til og le eller senda ein komentar til. Ingen ein kan sitja der på kafeen med kaffikoppen saman med. Og er ein saman med nokon, så blir ein den ekstra.

Det er då savnet er særleg sterkt. Anten ein er påheng til snill familie, eller ein har laga seg eit opplegg aleine der ein møter andre. Ein smiler seg gjennom dagane, men når døra er lukka og ein er for seg sjølv, kjem gjerne tårene. Det går jo greit, sa ho eg snakka med. Og ho er av dei flinke til å finna på ting. Men det kjennes.

Ikkje alle er friviljug aleine!

soldag…

Rart kva denne sola gjer med ein. Det er som om heile verda blir lysare, som om ein sjølv bli mjukare og opnare. Eg merka det på stamkafeen min i dag. Vi helste liksom litt friare på kvarandre, vi som sat ved borda våre ute under eiketrea. Smila sat lausare. Humoristiske kommentarar kom frå dei mest gretne gubbar, til vanleg. Og damene på kafeen fortalde om låvedans på logen, og om det å fylla livet med små gleder. For sorgene var der uansett. Og ei friminutt kunne ein unna seg.

Vi lo med kvarandre, vi som ikkje kjenner liva til kvarandre. Vi ønskte kvarandre god helg, vi som ikkje kjenner kvarandre. Buss-sjåføren vinka då eg gjekk av bussen. Og alt dette fordi sola endeleg er her. Fordi varmen har fått oss til å leggja jakkene frå oss. Fordi tærne stikk fram frå sandalane. (Og mine tær har raudlakka neglar :-) .  Vi treng jammen desse dagane. Ja takk, sier eg storforlangande, mange, mange av dei!

dritthumør…

I dag er eg i dritthumør. Rett og slett i godt gammelt skitmood. Eg vakna med verk i kroppen og vondt i hovudet, og det hjelpte ikkje det minste at det hang hjarte på badespeilet om at det var min dag i dag. Nei, i dag verka ikkje magien. Men erfaring har lært meg at ingen ting blir betre av at eg set meg ned og sturer, så eg tok på meg den raude regnfrakken og trampa meg ut. Og eg skulle ønskja eg kunne seia at då steig humøret, at då spratt gledene framfor meg. Nei, i dag har eg vore temmeleg blind.

Heilt ærleg, det er litt deilig å vers dritsur i blant. Sur på verkekroppen, sur på heile verda. Det er litt godt å få grynta og grufsa ut det som gjer vondt. Ikkje at det hjelper det minste, men så er det gjort. Og så kan ein kanskje retta ryggen og bli klar i blikket og gå vidare. Eg held aldri ut i dårleg humør meir enn to dagar, i følgje ei venninne av meg. Så det kan bli ein dag til, kanskje, i verste fall, der eg går rundt og brummar. Og eg synes ein skal kunna unna seg det, så lenge det kjennes slik, vondt er vondt, og så lenge ein ikkje lar sytet ta overhand.

Aller best hadde det no vore om nokon syntes synd i meg og eg kunne få klaga mi naud, men eg er visst ikkje slik skapt at eg evnar ta imot det, då tek humoren overhand, for eg veit kor privilegert eg eigentleg er. Eg manglar ikkje perspektivet, eg berre legg det litt til side nett no.

 

 

savnet…

Dagane svingar. I kveld er det ein slik kveld der savnet fyller meg. Det at alle mine er så langt borte. Eg sit og lyttar etter stemmene, etter latteren, ser for meg andlet… Dette er prisen for avstand. At eg ikkje får strekkja armane fram og fylla dei med mjuk varme. At eg ikkje får ta del i alle desse små kvardagshendingane. Som ein plasterlapp på kneet. Eller ei uventa glede. Eller kaffikoppen saman på tunet. I kveld er lengten opna. Etter å vera nær dei eg høyrer til.

Eg har det så godt. Eg har så mange gleder. Utfor vindauga mitt er himmelen klar etter ein soldag, og det er stille på vatnet. Eg har grilla i hagen med gode naboar, og i morgon skal eg på utflukt med to venner. Men i kveld lar eg savnet få vera der. Og lengten. Saman med takksemda over at eg har nokon å savna. For at dei fins, og eg kan nå dei. Eg veit kor rik eg er.

kveld på verandaen…

I kveld er det så stille på verandaen min. Det er mørkt i alle vindaugo rundt meg. Truleg søv naboane mine no. Eg legg merke til at den lysgrøne solstolen min er blitt falma, og at mygglyset er brent ned. Men denne verandaen er min. Her kan eg stå, dei lyse kveldane, og dei mørke, og berre vera til.

Vinden ruskar i trea. Skyene er lette der dei sig over himmelen. Og framfor meg ligg vatnet, som ingen måne speglar seg i i kveld. Det er kjøleg, eg hutrar litt i den tynne skjorta, huda nuppar seg, men då kjenner eg at eg lever.

Ein slik kveld opnar for mange tankar. Ein slik kveld kjem alt nært. Både savn, det som er for seint, og draumane som ein gong var. Men også takksemda for det som er. Her eg står er hjarta fullt av dei eg er glad i, og eg kjenner eg kor rik eg er. Eg har levd, og eg lever!