Archive for July, 2013

det som heng…

Eg heng visst ikkje heilt med i det som skal vera. Ei eg kjenner fortalde meg at ho hadde tenkt å få løfta augneloka sine. “Skal du det?” spurde eg overraska. Eg hadde aldri lagt merke til at det var noko med augneloka hennar. “Skal ikkje du også få gjort det?” spurde ho. Eg blei stum. Aldri har eg tenkt ein tanke på augneloka mine anna enn at dei er dei skal vera, som alt anna i andletet mitt. Men no gjekk eg rett heim og stilte meg opp framfor spegelen.

Eg sto der og studerte augneloka mine som om eg aldri skulle sett dei før. Var det noko med dei? Ja, det var visst det. Hang dei? Ja, dei gjorde visst det. Men, har eg tenkt å gjera noko med det? Slett ikkje! Dette er meg. Med hengebryst og hengemage og no også hengeaugnelok. Så lenge eg ser, og evnar nyta livet, har eg ikkje tenkt å hefta meg med noko av det som heng. Det viser jo berre at eg har levd! Eg vil halda fram med å plukka gleder like frimodig som før!

mennene i livet mitt…

Eg sit ved stranda i sommarvarmen og tenkjer på mennene i livet mitt. No har alltid idealet mitt vore å møta den einaste eine som ung og halda trufast saman med han til dei grå hår. Men slik blei det ikkje for meg. Så då vel eg å gleda meg over dei menn eg har fått elska. Kvar av dei har tilført livet mitt noko eg ber med meg vidare med takksemd.

To ekteskap har eg fått oppleva. På kvar sitt vis har dei vore med på å utvida livet mitt og å tilføra det rike opplevingar og erfaringar å veksa på. Men også dei meir kortvarige menn har gitt meg minne å ta med. Som han som tok meg med på konsertar i konserthuset og behandla meg som den mest dyrebare juvel. Eller han som forførte meg bakerst i flytoget. Eller han som gav meg gummistøvlar og tok meg med på fiske, og fekk meg til å reia garn. Eller han som var ei beslekta sjel så vi kunne høyra kva den andre sa før orda var sagt.

Det var han som var ein heftig elskar, men som bad meg slutta å tenkja så mykje, det å tenkja blei det berre surr av. Og han som tok meg med til Las Vegas, men som ikkje ville gifta seg med meg i “The white chapel”. Eller han der det var så mykje varme, men som det aldri blei noko meir med. Dei står der framfor meg i rekkje.

Eg fekk aldri den einaste eine eit heilt liv. Men når det først blei som det blei, så kjenner eg meg jammen velsigna som har eit hjarte så fullt av levd glede. Eg vel å gløyma alle sorger her eg sit i sola, og eg angrar ingen ting!

vil du dansa…

Vil du dansa med meg i dag? Dansa meg inn i den nye dagen, i dette skjøre, vakre livet. Vil du dansa meg bort frå sorg og tap, vil du dansa meg bort frå tårer og savn, – dansa meg inn i den blå flammen inst i elden, der alt er no, sterkt, nært no?

Vil du halda meg tett, tett og føra meg inn i eit friminutt av pulserande glede. Eg skal sleppa deg etterpå, så du får gå.

Men no står eg her, klar i posisjon og ventar på at musikken skal spela opp. Vil du dansa?

ikkje lenger sytten år…

Det er helg, og eg sto på verandaen min. Og brått var ho tilbake, denne uroa som eg hugsar frå mitt tidlegare liv. Den som var der då eg var sytten år og alt kunne skje. Denne forventinga mot noko som eg ikkje visste kva var, men som kunne liggja der like framfor meg. Eg såg sola spegla seg i vatnet, himmelen hadde berre nokre lyse lette skyer. Det var ein sommarkveld på veg mot sommarnatt. Og her sto eg!

Eg er ikkje lenger sytten år. Om sytten år framover er eg truleg på veg mot siste reis. Desto meir dyrbar er tida no. Men kva kan eg finna på? Eg står her og veit i grunnen ikkje noko å finna på, anna enn det eg gjer kvar kveld. Lagar meg min gode kopp te, kjenner på stilla og det gode i livet. Tenkjer på dei eg er glade i.

Uroa, er det kanskje lengsel? Kanskje eg i kveld gjerne ville hatt nokon med meg på verandaen. Nokon å dela stilla med, og kanskje ord. Nokon som også kunne gleda seg over sola som glitrar i vatnet og fulane som flyg forbi. Eller, aller helst nokon som baud meg opp til dans. Men no er eg no eingong her eg er, aleine.

Eg tenkjer eg har det fint som eg har det. Så eg får gå og lagar meg teen min. Men, ein veit jo aldri, det kan jo enno vera mogeleg at noko kan skje… at noko ventar der framom…

spel meir…

I går sat naboen min ute på verandaen sin og spelte gitar og sang. Og eg dansa. Heilt aleine på min veranda dansa eg til bellmanntonar. Eg svinga meg rundt i ein einsam vals, og først etterpå slo det meg kva dei andre naboane mine måtte tenkja. Dei som bur såpass langt i frå at dei ikkje høyrde gitaren men nær nok til å sjå meg der eg svinga meg med ein usynleg kavaler.

Men det er sommar. Og kva gjer det kva folk tenkjer. Eg blei glad av musikken. Eg blei glad av å dansa. Så spel meir, nabo, spel meir. Så skal eg dansa!

berre litt til…

Så kom regnet. Etter sydenvarme i nesten ei veke er det som om eg ikkje heilt kan tru det. Det er fort gjort å venja seg til gode dagar. Eg hadde i alle fall venta to dagar til utan svarte skyer, det var det som sto på TV-skjermen i går kveld.

Eg står på verandaen og er nesten tafatt. Høyrer måsane skrika og ser kor regnet plaskar ned. Eg skulle vel vera vel nok van med regn, og skulle vel ha vore godt nøgd no etter alle desse fine og varme soldagane. Men nei, mykje vil ha meir. Slik er det visst med det meste.

Er det sant at roper du på sommaren så komeran? Berre litt til, prøver eg å lokka dei styrande krefter, berre litt til, ver så snill!

det gjeld å finna triksa…

Sola er så nydeleg. Eg nyt å strekkja andletet opp og la ho klappa meg. Eg blir glad av det. Men, det er eit men. I det skarpe sollyset blir også alle skavankar tydelege. Eg sat der på verandaen og blei brått oppmerksom på føtene mine. Dei var ikkje lenger glatte og spenstige og lekre, det måtte eg berre vedgå der eg sat. der var brester og flekkar og litt av kvart som ikkje var så lekkert å sjå på. Eg tenkte, slik er det nok med resten av meg også, viss eg ser etter. Kva med det nakne andletet utan sminke, smurt inn med solkrem. Det er vel noko der, ja, som ikkje er som det ein gong var. For ikkje å snakka om det midt på. Det er vel noko som bulkar seg fritt i sola der, ja.

Eg sat der, kjende den gode sola, kjende den svake vindbrisen og alt det gode som sommaren kan by på. Og brått så fann eg løysinga. Eg tok brillene av meg. Dermed var eg god som ny. Mine nærsynte augo såg berre mjuk hud, smilande former og ein nytande kropp. Tok eg i tilleg på meg solbrillene så var eg blitt brun og smekker også. Det gjeld å finna triksa!

denne dagen…

Eg møtte ein nabo då eg gjekk ut i fineveret i dag. Eg helste og sa, er det ikkje kjekt med dette fine veret? Ho såg på meg og sukka og svarte: “Eg likar ikkje så mykje varme”. “Men”, sa eg, “det er jo eit liten vindpust, så det blir jo ikkje for varmt.” “Den vinden får alt på verandaen min til å fyka rundt”, sa ho. Ho sto der svartkledd i sola og såg ikkje eit einaste lyspunkt. Eg gav rett og slett opp.

Eg kom til å tenkja på familiebesøket eg var i, ein fin, lun aprilkveld. Vi sat der og såg ut vindauga, og ein av mine familiemedlemmer sa høgt: “Du kor fint det er no når dagane berre blir lysare og lysare”. Det andre familiemedlemmet sukka og sa. “Uff ja, no er det ikkje lenge før sola snur igjen,”

Sola skin på min veranda i dag, og vinden gjer at eg kan sitja der med strikketøyet og tekoppen. Og eg gir ein glad dag i at sola har snudd. Denne dagen er min!

strutt med det du har…

Strutt med det du har, sa salige motedronninga i Bergen til meg ein gong eg var innom butikken hennar for å sjå etter noko nytt. Eg ville pakka meg inn i vide gevantar og trudde vel at det skulle gjera meg slankare. Nei, sa ho når eg plukka meg fram vide sekkar til å krypa inn i. Ho kom med gensere der brysta strutta, ho kom med bukser som sat tett til. Ho kom til og med med belte og strama godt til om mitt ikkje akkurat midjesmale liv.

Eg hugsa henne då eg skulle ut i sola her ein dag. Eg opna kleskapet og tok fram den vanlege vide tunikaen. Ville skjula grevinnearmane og vesltandsmagen. Nei så søren, tenkte eg. Og eg følgde rådet, tok den utringa toppen og tightsen. Slank er eg ikkje uansett, så skitt søren. Her skal det struttast! Jammen skal det det!

å tilgje…

Dei seier at å tilgje er ei frigjerande kraft. Eg har mest opplevd det som ei undertrykkande makt. Det å tilgje har vore å gje frå seg det rettferdige sinnet, det har vore å vera med på å glatta over urett. Å tilgje har vore å setja den andre over seg sjølv. Ei i og for seg prisverdig handling, men det har sin pris. Eins eiga oppleving blir gjort mindre viktig. Fred er blitt oppretta. Omgivnadene kan slappa av og sleppa engasjera seg.

Kva skjer med den som tilgir? Blir ein fri? Krympar ein ikkje heller? Undertrykker sine eigentlege kjensler? Blir ikkje eins eiga smerte gjort uviktig? Eg skal ikkje svara for andre. Vi er ulike. Men sjølv vil eg ha mitt rettferdige sinne. Urett som er gjort, er gjort. Einast slik kan eg halda fast på styrken min. Og sjølvrespekten. Eg tar mine eigne kjensler på alvor.

I all mi ferd vil eg handla verdig og rettskaffent. Hemn høyrer ikkje meg til. Krig ligg ikkjr for mEg. Men tilgje, det gjer eg først når den som har gjort uretten legg seg flat framfor meg og ber om det. Kanskje då!