Archive for June, 2013

å bli sett…

Å bli sett, er ikkje det det djupaste behovet i oss alle. Frå vi som heilt nye i verda slår augo opp og søker mor sitt andlet. Å ikkje bli sett, det er det mest krenkande og vonde eit menneske kan oppleva. Og vi som har fått livet, vi som går omkring her i denne verda som er vår, vi er dei som kan sjå eller oversjå. Det er vi som kan løfta kvarandre eller ta verdigheten frå kvarandre. Det er eit enormt ansvar. Eit ansvar vi aldri må gløyma.

Den som ikkje er blitt sett, kva konsekvensar får det, for liv og måten å gjera val på? Vi har sett det. Og vi har også erfart korleis somme er blitt løfta og har fått nytt håp og verdighet gjennom å bli sett. Er ikkje det å sjå det same som å gi verdighet? Sjå det forsømte barnet. Sjå den einsame ungdommen. Sjå den vaksne som livet har herja med. Leita fram skattane som ligg der gøymt og oversett i så mange. Ta tid til mennesket!

Ordet verdighet er blitt så viktig for meg. Verdighet er noko vi kan gje kvarandre kvar dag, i måten vi møtes på. Og i måten vi møter dei framande som er rundt oss på, uavhengig av status og framtoning.

Verdighet kan vi også gi oss sjølve med å ta vare på den vakre kjerna som er der i kvar av oss, og ikkje la nokon få ta frå oss sjølvrespekten og vissa om at vi har verdi. Vi treng å sjå både oss sjølve og dei rundt oss med stor respekt, med raushet og vilje til det gode. Sjølv om det i blant kan kosta oss å gå ei mil ekstra. Vi tåler det!

 

 

god nok…

Eg sat hos frisøren og bladde i eit vekeblad. Der var eit av desse før og ny bilda av ei kvinne på min alder. Førbildet var av ei flott, vanleg kvinne, med både livsstriper og latterstriper i huda. Med faldar og groper som fortalde om levd liv. Så kom ny bildet, der dama var strama opp og kitta og glatta og strigla. Det var tydelegvis idealet. Forever young?

Eg blei sitjande med vekebladet framfor meg og tenkja. Er det slik eg vil vera? Ja, eg vedgår at eg sminkar meg og pynter på alderteikna. Men synes eg ikkje eigentleg at det levde livet som har sett spor i eit menneske skal få visa? Dei skulle jo vera heidersteikn, rynkene og faldane, og prov på at vi har levd, erfart og smakt livet. Skulle ikkje alle vi som er så heldige at vi har fått leva lenge nok til å få rynker og grå hår sjå oss i spegelen og løfta tommelen opp. Stolte over at no er vi her.

Det viktigaste er å kjenna seg god nok, tenkjer eg. Og å ha heim i seg sjølv der ein er på livsvegen.

 

gjett kven som vann…

Eg er ikkje av dei som stadig må ha nytt i huset. Eg trives med loppemarknadinvesteringar, og det er sjeldan eg byter ut noko. Eg er glad i det eg har. Bil kjøper eg for mindre kroner enn det ein ny sofa kostar for andre. Han går så lenge han går. Det er ikkje ting som eig meg. Men eg har ein stor veikskap. Stadig heng det klede i butikkane og ropar på meg. Ein ny kjole. Ein tunika. Eller ein hatt (som blir hengande på veggen saman med dei andre). Så eg går forbi butikkvoindaugo med stivt stirrande blikk rett fram. Eg tar sats og går strake vegen dit eg skal når eg kjem inn i eit handlesenter. Trampar meg gjennom og forbi. Likevel skjer det stadig.

Eg skulle noko så enkelt som å kjøpa meg ein hårshampo. Eg gjekk rett fram og forbi butikk etter butikk. Eg prøvde å ikkje sjå verken til høgre eller venstre. Men så kom eg likevel til å kaste eit blikk til side. Og der hang han, toppen. Den som eg ikkje visste før no at eg berre måtte ha. Nei, sa eg til meg sjølv. Den der treng du ikkje, sa eg. Men skjøna toppen det? Nei, han lokka og song mot meg. Kom, ropte han. Kom! Kom og kjøp meg!

Gjett kven som vann?

Slikt kan skje…

Skjer slikt med andre også? Pinlege episodar der ein flausar seg ut på dei mest upassande stader. Eg var i gravferd i dag. Og hadde på meg ny kjole. Fin kjole. Eg nikka til dei eg kjende der innfor døra. Men ho som sto med songarka gjorde nokre diskre teikn til meg. Eg smilte og helsa tilbake. ” Knappane”, kviskra ho. Og då eg keik nedover meg var to knappar framme på nyekjolen sprotte opp på strategisk stad. Mitt frodige framstell lyste kvitt og frimodig mellom sprikande kjolefaldar. Eg gløtta over mot karane på bakarste benk, dei stirde så svært interessert i taket nett då.

Kva kunne eg anna gjera enn å takka dama i døra for tipset og knappa att heile stasen og lata som om dette var det mest naturlege i denne verda. Karane på bakraste benk prøvde gøyma flira. Gravferd er gravferd. Eg trøystar meg med at han i kista ville ledd godt og hjarteleg. Slikt kan skje!

ei stygg sjuke…

Missunning er ei stygg sjuke, du får ikkje døy av ho ein gong, sa mormor! Ho hadde visst grunn nok til å missunna mange, enke som ho tidleg blei med mykje slit og dårleg økonomi og dårleg helse. Men ho hadde evna til å setja pris på det gode ho såg rundt seg og opplevde. “Jammen har eg det godt”, sa ho stadig. Eg kom til å tenkja på henne i dag, for eg kjende missunninga stikka i meg. Denne stygge sjuka. Det er jonsokaftan, og der såg eg dei, para som har greidd dette, å halda saman. Dei som går der så blanke i pelsen og skal feira i lag med ektemake, barn og kanskje barnebarn. Dei som fyrer opp grillen og lar heile nabolag kjenna sigerslukta, eller som samlast rundt bålet så alle kan sjå kor heldige dei er. Tenkte eg. Og så måtte eg ta meg sjølv kraftig i nakken. For eg er av dei heldige, mitt liv er ein konsekvens av val eg har tatt. Mange lever liv med ting dei slett ikkje har valt. For livet styrer vi ikkje. Sjukdom, død, katastrofar kan ramma så fort at ein ikkje kan forstå det. I eit kast kan alt vera omsnudd.

Det er ein ting livet har lært meg. Og det er at vi aldri veit kva som fins bakanfor hos nokon. Ingen veit om sorgene som kan liggja der skjulte i naboen sitt liv, ingen veit om kampane som den enkelte kan ha utkjempa bak det vi kan sjå. Men gledene kjem også smettande heilt utan vidare, alle stader og på alle uventa måter. Så det er noko med å sjå det ein har, plukka dei gledene ein finn rundt seg, og bruka dei mulighetane som ligg i det livet ein har. Missunning er ei stygg sjuke. Eg vil ikkje la henne få plass i livet mitt. “Jammen har eg det godt”, sa mormor. Og eg har mykje større grunn enn henne til å seia det same. Jammen har eg det godt ja!!! Og i kveld er dei ikkje langt borte, nokon av dei som er mine. Dei fyller heile hjarta mitt!

det gode som var…

Eg møtte ein gammalkjærast i byen i dag. Vi sat på ein benk i parken og snakka i over tre timar. Om livet, om døden, om kjærleiken. Vi sat der i ein god nærleik medan sola strauk over oss. Det var så godt. Då vi klemte kvarandre til avskil, tenkte eg på kor heldig eg er, som har slike gammalkjæraster. Som kan møta ein gammalkjærast på denne måten. At det gode som ein gong var, framleis ligg att og varmar.

Eg kjenner meg heldig som har fått elska, fleire gonger. Som ber med meg så mange gode minne. Og eg må vedgå at eg strauk gammalkjærasten ømt nedover ryggen der vi sat på benken. Såpass får ein unna på seg. Og han var framleis god å ta i!

nokon bryr seg…

Det er eit spørsmål som har surra i meg i dag. Kvifor er det så få som bryr seg? Kvifor lar vi urett skje, lukkar augo for styggeskap og overgrep rundt oss, og smiler og lograr for maktmenneske og lar dei tura fram. Bilde flimrar over TV-skjermen og vi grøssar. Dette er for fælt. Så slår vi av TV-en og livet vårt går vidare. Vi les i avisene og blar om fordi det er for vondt å ta det vi les innover oss. Vi blir fortald ting, og vi snur samtalen over på noko anna. Å bry seg vil krevja tid, det vil krevja at vi stikk hovuda fram, og kanskje vil vi koma i konflikt med nokon. Det er som om det er blitt det farlegaste som kan skje oss det, at nokon kanskje ikkje likar det vi seier. At den blanke pelsen får rifter. Vi prøver tekkast alle.

Kor er det blitt av protestsongarane, av aktivistane, av dei som ropar høgt mot urettferda? Jau, nokon står opp. Nokon greier ikkje sjå det vonde utan å reagera. Nokon ropar ut når urett skjer. Nokon tar sjansen på å bli kalt gneldrebikkjer og oppviglarar. Fordi saka er større enn deira personlege status. Det er desse menneska eg beundrar mest. Dei som bryr seg. Dei som ikkje teier, som ikkje tåler, og som ikkje sluttar å seia frå same kor tause dei store massane rundt er. Vi må ikkje bli så mette og late i vår velstand at vi lar det som skjer skje utansett om det er godt eller vondt. Er det ikkje verdiar vi vil hegna om og som er så viktige at vi ikkje må sova!

å bli sett…

Det hjelper ikkje om heile verda heiar på oss, om dei næraste vender ryggen mot. Om vi er utrygge på kvarandre, om vi er usikre på om vi er elska, då mister det meste sin glans. Og det er dei vi høyrer til, vi mest av alt treng å bli sett av. Vi kan tru at vi har kjent kvarandre så lenge at tilbakemeldingar ikkje trengs, vi kan rekna med at den andre veit kva han eller ho betyr for oss, men så enkelt er det likevel ikkje. For vi treng på nytt og på nytt å få møta augo som fortel oss at vi er OK. Vi treng dei små orda som gjer oss trygge. Større blir vi aldri.

Å vera elska, som kjæreste, som barn, som foreldre, som venn, det er den største styrken vi kan ha. Med det i ryggen kan vi tåla mykje. Det er eit kraftsenter i alt vårt arbeid, det er ryggstøtta i i livet. Så la oss ikkje i latskap eller av slurv halda tilbake for kvarandre dette viktige.  Er vi glade i kvarandre, så la ikkje vera knuslete med å visa det!

honnør til dei som orkar…

Eg har vore på konsert i dag, høyrt glade barnestemmer, sett opne, strålande andlet, der dei unge ivrige sto og sang Jubajuba av full hals. Og vi bestemødre, bestefedre, mammaer og pappaer og tanter og onklar, vi syntes vel aldri vi hadde høyrt noko finare, og sett noko vakrare. Ingen ting rører hjarto våre sterkare enn barn. Og kor fantastisk det er at nokon tar det arbeidet det er å gi barna opplevinga av å vera med i eit kor, i eit teaterstykke, eller i eit musikk-korps.

Kva var 17. mai utan korpsmusikk? Kva var livet utan sang og musikkgleda? Kor mange har ikkje fått finna tryggleik gjennom å få stå på ein scene og bruka seg sjølv slik. I det samfunnet vi har byrja få no, der nettet er blitt ein viktig møtestad, der fleire timar blir brukt på dataspel enn på samtale og menneskeleg kontakt, der trengs desse fellesskapsgledene. Men nokon må orka ta jobben. Nokon må orka bråket med ivrige ungar, nokon må orka repetera og repetera til dei må vera småkvalme, og framleis visa entusiasme og løfta dei små.

Nokon tar den jobben. Nokon orkar stå på, med dei mange slitsame timane før den store forestillinga. Med dei mange små detaljane som sjeldan går av seg sjølv. Nokon trur på det dei gjer, og held ut, og tåler stå att når lyset er sløkkt og så mange gløymer å gje dei takk. Honnør fortener dei. Og roser på døra. Måtte dei kjenna på all den varmen som er der mot dei, også der orda ikkje blir sagt. Vi kjente det nok alle vi som var på konsert i dag, kor heldige vi var.

vi treng språket…

Som ung las eg eit kinesisk ordtak der det sto at viss ein mann gir deg ein orm når du ber om eit brød, så er det kanskje fordi han ikkje har noko anna å gje deg. Kanskje først no gir det ordet innhald til meg. Det er noko med forventingane vi har til kvarandre. Noko med evna til å sjå at det vi ønskjer oss, det er det ikkje alltid uvilje frå den andre at vi ikkje får.

Vi dømmer verda ut frå eige liv og eigne erfaringar og opplevingar. Mens andre har sett andre ting, ber andre sår, har andre spor teikna inn i sitt liv. Det er då vi treng språket. Der vi kan rydda bort misstydingar, der vi kan ha mulighet til å forstå kvarandre. Der vi kan møtast og sjå kvarandre.

Om vi lytta meir, la fordommane bort og brukar språket, kunne vi sluppe så mange misstydingar, så mange dømmande tankar om kvarandre, og vi kunne berika kvarandre med ulikskapane våre. Kanskje det vi oppfattar som ein orm, er eit brød, når vi våger møtast.