Archive for May, 2013

beslekta sjeler…

Det å møta menneske. Ikkje møta fasadar eller ferniss. Men å verkeleg møtast!

Eg hugsar at eg som jente las bøkene om Anne frå Bjørkly. Anne, som delte menneska inn i to grupper, dei beslekta sjelene og dei andre. Men som oppdaga at det kunne visa seg når dei blei kjende, at også “dei andre” kunne vera beslekta sjeler.

Det fins ikkje noko finare enn å møta beslekta sjeler. Å kunna sjå kvarandre ærleg inn i augo og ta imot kvarandre med heile forrådet.

Eg har møtt beslekta sjeler i dag. Heldige eg!

ingen ting som før…

Eg forstår no at eg i ferd med å bli gammal. Det er berre å ta seg ein tur ut på byens serveringsstader. I dag rota eg meg uforvarande inn på ein studentkafe. Forutan interiør med stolar som eg knapt forsto kor eg skulle plassera rævva på, var menyen ikkje heilt som i gamle dagar. Heldigvis oppdaga eg pai på menyen og bestilte letta det. Men kva fekk eg servert? KALD paideig fylt med ein haug med kald spinat. Og så hadde dei dryssa godt med gras rundt.

Jaja, det eg åt var ikkje levande i alle fall. Ei venninne av meg fortalde om ein fin restaurant ho hadde vore på. Maten rulla på seg på fatet og krølla på halen. Det var berre å gapa opp og svelgja unna. Snart skal vel maten helsa ein velkommen med mø og blopp blopp før ein skal setja kniven i.

Kva er gale med kokt og steikt mat eigentleg? I alle fall varm mat. Eg forstår godt kvifor stundentane er radmagre og bleike. Før i tida var det kuene som åt gras!

namnet skjemmer ingen…

Eg møtte ein gammal flamme. Vi blei ståande der og prata om “gamle dagar” og mimra litt. Vi lo og kom inn på både det eine og hitt. Men brått sa han: “Det var godt det ikkje blei oss. Du er jo så ukonvensjonell!”

Eg blei ståande og gapa. Ukonvensjonell eg? Eg har alltid sett på meg sjølv som kjedeleg og stille. Ikkje er eg motig. Eg hadde aldri kasta meg ut i hangglider. Eg hadde aldri dratt mot ukjend mål med berre ti kroner i lomma og sovepose på nakken. Eg likar dei gode rutinar. Og dusj og do vil eg gjerne ha like i nærleiken. Eg vil ha betalte rekningar i god tid og eg er ikkje morsom i selskapslivet. Er eg ikkje ganske så grå?

Eg såg på min gamle flamme der han gjekk frå meg i den grå dressjakka og dei mørke buksene, og eg sto att i mine flagrande tigergevantar. Og eg tenkte at du og du kor glad eg også er for at det ikkje blei oss den gongen. Iblant slår slumpelykka til! For ein ting er viktig for meg, det å kunna slå ut vengene, om dei ikkje rekk så vidt. Og å ha rom til å kunne få fly med draumar og ord. Så kall det kva ein vil. Namnet skjemmer ingen!

heim til Os…

Heim til Os, syng ORBO. No skal eg heim til Os. Ei heil veke heim dit røtene mine er. Der bestefar gjekk fremst i bakkane med langorven og eg gjekk etter med riva. Der tante kom heim kvar onsdag med Donald. Der bestemor lagde det beste sosakjøtet i verda, og der far laga til ei fjøl opp mot kjøkkenglaset så kattungen skulle nå opp for å kunna sjå inn. Der eg åt mor sine vaflar som ingen lagar maken til, og der mine eigne ungar vaks opp. Det var der eg fekk venger til dei første dikta mine.

Heim, der dei er, dei som har kjend meg nesten alltid. Venner som har delt historien min og som er blitt der. Og venner som er blitt borte. Men også nye venner som er komne til. Der eg møter elevar eg ein gong hadde i skulen og som sjølv no er blitt godt vaksne og vel så det. Alle desse ansikt som høyrer til og som eg kan helsa på. Heim, der eg ikkje greier godta at eg ikkje høyrer til lenger.

Visst høyrer eg til. Der har dotter mi laga til rom til meg i huset sitt. Der stiller son min som sjåfør til moderen. Der lærer barnebarna meg tekniske finessar på iPhoden min. Kirsebærtreeet mitt er der ikkje lenger, det eg sat under og drøymde då eg enno var ei jente, men alt eg har levd bur jo i meg, i minnet. Ja eg skal heim til Os. Ei heil veke til ende.

aldri meir…

Eg har gitt meg sjølv ein lovnad, eg skal aldri meir slanka meg! Heile mitt vaksne liv har vore eit einaste langt slankestress. Ned fem kilo, opp sju. Ned fjorten kilo, opp atten. Ned ti kilo, opp tolv. Og heile tida har skamma vore der, at eg ikkje har greid det.

Eg er så altfor glad i alt godt i livet. Kunst, musikk, ord, dans, hud, og mat. Eg har slik hunger på livet. Så kva er det som driv meg inn i dette slankepresset? Menn har Vilja ha meg. Born har funne heim i fanget mitt. Gleda har vore der, lysten og fryden.

Nei, eg vil ikkje slanka meg meir. Eg vil bera kroppen min slik han er. Skal noko gjerast, så er det å ta omsyn til helsa og prøva velja sunne alternativ for den skuld. Eg vil by meg fram slik eg er. Og hugsa på han eg møtte etter ti år og minst ti kilo pluss. “No fyller du jammen ut deg sjølv”, sa han , og eg tok det som eit kompliment!

slik er det…

Iblant kan dei finaste møte skje heilt uventa. Eg sat på stamkafeen min og noterte noko eg ville ha med i ei bok eg planla. Då sto ho der ved sida av meg, ei heilt ung jente. “Er du forfattar?” spurde ho. Eg bekrefta det. ” Eg skulle også gjerne ha skrive”, sa ho. ” Men eg har sterk dysleksi.” Ho såg på meg med klare, alvorlege augo ” Eg har hatt eit tøft liv. Eg måtte flytta frå foreldra mine då eg var lita. Eg har budd i beredskapsheimar, fosterheimar og ungdomkollektiv”

Ho var så vakker der ho sto, med det mørke håret og dei mørke augo. “Det er ikkje mi skuld”, sa ho. Ho såg rett på meg. “Eg har endeleg forstått at det ikkje er mi skuld. Det er det eg ville skriva til andre som har det som eg. Det er ikkje vår skuld.”

Der sto ho, denne unge jenta, så rank, så flott. Det trongs ingen trøystande ord, berre eit nikk. Slik var det. “Men du”, sa ho. “Du kan fortelja. Du kan skriva!”

ikkje alle har eit val…

Så er det 17. mai igjen. Dagen med hurra og flagg og glade born. Dagen der familiar stasar seg opp for å gå ut og skina saman, same kva som gøymer seg bak i kvardagen. Men nokon har ingen å skina saman med. Ingen familie nær nok til å promenera med. Ingen kjærast til å halda i armen. Ingen å visa seg fram i lag med. 17. mai kan vera den einsamste av alle dagar.

Somme vel å dra til fjells for å koma seg bort. Somme leiger seg ein god film og held seg heime. Men mange tar seg på tak, kler seg opp og drar ut for å ta del i feiringa, same kor vondt det kan kjennas bak smilet dei set opp. Eg veit kva det handlar om. Eg har vore der. Stått mellom alle dei smilande og tilsynelatande vellykka og glade og smilt sjølv, mens det inni meg var eit einaste ope sår. Vi veit aldri kva som ligg under hos nokon.

17. mai er ein fin dag. Og det er ein dag folk møtest. Går ut av husa sine, ut av dei vante konstellasjonane og opplever noko saman, uavhengig av stand og stilling. Det er ein mulighet til møte. Til å sjå kvarandre og oppleva fellesskap viss vi berre evnar sjå utover den nære krinsen.

I år skal eg feira 17. mai aleine. Eg kunne ha vore saman med nokon. Eg har hatt valet. Men ikkje alle har det.

 

 

dansing queen…

Eg er så utruleg glad i å dansa. Når eg dansar, då syng det i heile kroppen min. Då er eg fri som ein fugl, og rett og slett lykkeleg. Difor har det blitt ein del turar på byn på ulike danselokale. Og om nokon har bydd meg opp, har eg ikkje vore sein med å hiva meg i dansen. Men det er ikkje berre dansarar ein møter på byens dansestader. Det verkar å vera svært mange nyskilde menn som ønskjer ei skulder å gråta mot. Etter to pliktdansar på dansegolvet meiner dei at dei fortener eit lyttande øyra resten av kvelden. Og så er det dei som vil fortelja om sin strålande karriere og som synes dei har all verda av interresant å underhalda med. Og det har dei sikkert også, for den som er ute etter det. Men eg vil dansa.

Eg er redd at eg temmeleg uhøfleg har kosta av meg mange ein kjekk kar som var ute etter ein prat og ein hyggeleg konversasjon. Mitt blikk har heile tida vore vend mot dansegolvet, og øyra mot musikken. Ei venninne av meg sa ein gong at ein mann som skulle tilfredsstilla meg, han fekk halda kjeft og gjera det han skulle. Og på dansegolvet, ja, der vil eg dansa!

det er no…

Det er førti år sidan, og enno ligg det son ei smerte i meg. Eg var ung, eg hadde så mykje eg ville. Og eg var på veg til kino, skulle møta nokre venner. Eg var travel, så då ein venn sto på døra mi og hadde noko han ville snakka om, var eg utålmodig. “Kan vi ikkje snakkast i morgon,” spurde eg. Han nikka og gjekk.

Det eg ikkje visste var at det ikkje skulle bli nokon i morgon. Neste morgon var han død. Eg fekk aldri vita kva han ville. Eg fekk aldri meir sjå inn i dei varme augo og høyra den brummande latteren. Eg hadde det for travelt. Eg var for opptatt av mitt eige. Og eg har aldri gløymt det.

Vi har aldri nokon garanti for i morgon. Vi har berre her og no. Det er no vi kan møtast, seia til kvarandre det som seiast skal. Ha tid til kvarandre.

alt med måte…

Eg har nesten døydd av kjærleikssorg. Hovudstups forelska drog eg til Amerika til den store kjærleiken. Opp som ein hjort, ned som ein lort, sa far min. Og mykje var det ikkje med meg der eg sat på flyet heim att med knust hjarte. Eg gret og gret og gret og det var umoglege å stogga. Dama i setet ved sida av meg bøygde seg over mot meg og spurde om det var noko ho kunne hjelpa meg med. Ja, sa eg, slå meg så hardt i hovudet at eg søv til flyet landar.

I staden gav ho meg ein sovetablett. Og eg sovna. Eg sov meg frå San Fransico til Amsterdam, og vakna først då flyet var klart for landing. Berre at då eg vakna, kunne eg verken snakka eller forstå. Eg såg munnen til flyvertinna opna og lukka seg, men eg forsto ikkje eit ord. Og då eg skulle spørja, kunne eg ikkje gjera meg forstått. Men flyvertinna fann billetten min, det blei tilkalt hjelp, og eg blei trilla i eit lita vogn frå eine flyet til neste, eg og så ei svartkledd bittelita rynka dame på over nitti. Så fekk dei meg på plass i neste fly, der dei førte meg til første klasse og plasserte meg skjerma, oppløyst som eg var i tårer.

Akksan, der reiste eg på første klasse for første og truleg siste gong i livet og kunne ikkje nyta eit sekund av det heile. Eg sat der og var sikker på at eg kom til å døy, eller i alle falla enda som grønsak resten av livet.

No overlevde eg. Og legen som tok seg av meg då eg vel var framme, meinte eg truleg hadde fått i meg narkotika, ikkje sovetablett. Og det må eg seia, det har aldri freista til gjentaking. Verken narkotikaen eller ein så stor kjærleik. Ho hadde rett, læraren min som sa til meg, ikkje ver så grådig Bente! Alt med måte!