Archive for April, 2013

det går over…

Bussen frå mitt svenske paradis og over grensa til heimlandet er ofte smekkfull. Og ein veit aldri kven ein får til sidemann. Det kan vera ein røssleg kar med like røssleg PC på fanget. Det kan vera tenåringsjenta som heile reisa gjennom snakkar i telefonen med bestevenninna og skal betru alle intime detaljar. Det kan vera ho som har ti sjukdomshistoriar ho berre må dela. Men no sist eg reiste, fekk eg til sidemann ei godt vaksen dame, nær min eigen alder. Kinna hennar blussa, augo stråla og munnen rann over av det hjarta var fullt av. Han! Han som var så vedunderleg at det ikkje fans hans like.

Dei hadde møtt kvarandre på Gran Canaria og det hadde sagt “klikk”. Alt stemte. Absolutt alt! Han var svensk og ho norsk, og ho kunne nesten ikkje halda ut å vera borte frå han. Ho gjekk med planar om å flytta for å vera nær han heile tida.

Eg fekk smetta inn eit spørsmål om kor lenge det var sidan dei møttest første gong. “To månader”, sa ho, og fant fram eit bilde frå veska si for å visa meg. Bildet viste to solbrune, tett omslynga kroppar mot ein bakgrunn av palmar og blått hav.

Der eg sat, kjende eg meg brått gammal. Men eg var ikkje så kynisk som bibliotekaren på lærarskulen som møtte på meg og min første mann svermande i hagen, stormande forelska. “Det går over”, sa han.

“søt og uskuldig…”

Eg var litt seint utvikla på enkelte område. “Søt og uskuldig”, som han sa, han som prøvde seg på meg då eg var i førtiåra. Og som nyskild nesten femtiåring var eg heller ikkje så vel vandra i denne verdas mange mulighetar. Det var ikkje alt vi lærte på bedehuset.

Eg fekk ein venn, det blei aldri meir, men vi hadde mykje morro saman. Og til ein fødselsdag fekk eg i gåve frå han ein søt liten figur. Ei lysande grøn åme i noko silkonstoff. Glad og fjåg sette eg figuren til pynt i bokhylla i stova. Der sto han og lyste opp fargerglad med sitt lett bøygde hovud.

Men så kom son min på besøk. Og han var tydeleg meir verdsvant enn mor si. “Kva i all verda er det du har ståande på hylla der?” spurde han og peika på åma. “Pyntefigur”, sa eg. Og fatta ikkje kvifor min sindige son fekk latterkrampe og velta seg i sofaen.

“Moderen”, sa han då han hadde fått talens bruk igjen. “Den der er nok ikkje tenkt til pynt”. Han lo og lo. “Følgde det kanskje batteri med også”, spurde han før han igjen hylte av latter.

Eg kan ikkje fri meg frå å undrast på kva dei tenkte, dei som gjesta med og såg pynteåma mi stå der på bokhylla. Ingen sa eit ord. Eg trøystar meg med at dei som var i krinsen rundt meg den gongen kanskje var like “søte og uskuldige” som eg.

desse møta som berre skjer…

Eg sto på buss-stoppet og venta på halvtolvbussen. Der kom også ekteparet som ofte tar same bussen som eg. Mannen er ein av dei siste gentlemen. “Damene først”, seier han og bukkar. Og han er raus med godorda. “Fin jakke du har”. “Den veska har jammen gladfargar”. “Du ser flott ut i dag”. Alltid er han blid. Alltid med ein kjapp replikk.

I dag er det eg som kjem med godord. Kona hans har på seg ein utruleg flott hatt. Eg skryt. “Er han ny”, spør eg. Mannen er kjapp til å svara. “Han ser ny ut kvar dag”. Dei smiler til kvarandre, så inderleg samkjørte. Men sidan sist vi møttes har han fått nyss om at eg er forfattar. I det vi går på bussen er han full av iver og spørsmål. Og vel inne på bussen, bøyer hans eg fram mot meg. “Då er du nok intuitiv”, seier han. Han ventar ikkje på svar. “Det er eg også”, fortel han med eit stort smil.

Då han går av bussen før meg, ryggar han ut medan han nikkar til meg. “Du og eg”, seier han. Og han gjentar det i det døra lukkar seg mellom oss. “Du og eg.” Det siste eg ser då bussen kjører vidare, er det strålande smilet hans der han står med tommelen opp mot meg. Kona vinkar også.

Sidan har eg gått med desse ordan dansande i meg. “Du og eg!”.

Det er desse møta som berre skjer og gir glede!

 

 

Første solsøndag med såpass varme at det går an å kle av seg på verandaen… men kor naken kan ei frodig pluss dame leggja seg her midt i blokkverandsynet på sine gode naboar? No er eg ikkje den einaste frodige her i denne blokka her. Min gode nabo til høgre er heller ingen lettvektar. For to somrar sidan hadde vi eit litt heftig møte på verandaen nattestid.

Som eg ofte gjer, sat eg der i halvmørket og såg månen spegla seg i Møkeln, lytta til stilla og kjente på det gode livet. Då gjekk døra til naboverandaen opp. Og der kom han, i all sin nakne pondus stigande ut, min gode nabo. Han strekte armane mot himmelen og nytte som meg sommernatta. I god tru om at han var ganske aleine.

Han oppdaga meg, og vi såg på kvarandre, noko forfjamsa begge to, men tok det med stor verdighet. Vi kommenterte den vakre natta og sommaren som var på sitt beste. Vi let nokre ord falla om kor nøgde vi var med burettslaget vi budde i. Og han trekte seg tilbake utan å  eit sekund å prøva skjula sin nakne kropp.

Så eg kan vel sola meg trygt, la kroppen svulma i fridom og nyta at endeleg, endeleg er det varmt nok til å la dei kvite leggane strekkast fram for å bli klappa av sola.

Mykje å ta i, mykje å vera glad i, sa far min. og han var ein klok mann! så gode naboar, eg lar det stå til!

Velkommen til Bente Bratlund

Velkommen til Bente Bratlund sin heimeside.