Archive for the ‘ blogg ’ Category

Eit liv etter valet…

Så mykje stygt, så mykje vondskap og hatsk som er blitt virvla opp i denne valkampen, kan vi greia forsoninga etterpå, same kven som vinn? Kan vi greia leggja bak oss kamp og aggresjon og gå vidare som eitt folk, samla om det å byggja dette landet som vi alle er glade i? Kan vi greia takka for at vi har eit demokrati, same kven som går sigrande ut?

Kan vi no evna leggja bort sinne, frykt og antipati og heller bruka kreftene på saman å jobba vidare for det gode vi har her i landet, verdiar som er djupt forankra i oss som folk. Overordna verdiar som skulle samla oss.

Ja, vi skal ha overtydingar, vi skal ha meininger og engasjement. Og vi skal halda fram med å jobba for det vi trur på. Men ikkje med hat og skitkasting og splittande angrep. Vi kan med våre ulike tankar og overtydingar møtast med respekt, og aksept for det eit demokratisk val gir oss som svar. Same om vi står på vinnar eller taparsida. Som norske borgarar er vi vel vinnarar uansett.

Måtte vi no leggja det vonde bak oss og sjå at vi alle vil landet vårt det beste, og gå vidare derifrå. Det er eit liv etter valet.

Nei, eg er ikkje versjuk. Så absolutt ikkje. Eg dansar i regnet og nyt å løfta ansiktet å bli reinsa av dei friske dråpane. Eg likar å trampa gjennom sølepyttar og tenkjer at det er ei velsigning med regn, korleis hadde livet vore om det ikkje kom ein dråpe av det slaget. Men i dag kjenner eg at nok er nok. For vi kunne vel fått ein einaste heil dag utan å bli vaska og skylt og forfriska. Det kunne vore så søkkande godt med å bli stroken over huda av mjuke solstrålar, og å kjenne varmen smyga seg om kroppen. Det er rett og slett nådd eit mettingspunkt i meg no, med dette regnet.

Nei, eg har det ikkje med å vera i dårleg lune. Men i dag når eg no ser ut på endå ei regnbye så kjenner eg noko smyg seg gjennom kroppen, noko eg ikkje likar å kjenna på. Eit tungsinn. Nei, la oss kalla det melankoli, det høyres kjekkare ut. Men det kjennest meir ut som tungsinn. Eg stirrer intenst opp mot skyene for å sjå om det ikkje er ei glipe der, eit ørlite håp. Og så synes eg eg ser håpet, men det varer ikkje lenge før det pøsar ned igjen.

Vatn er ei livets gåve, men kjære vene, no har vi fått nok for ei stund. Er det ein klageinstans mon tru? Er det nokon ein kan påkalla for eit par dagar med sol og varme. Det kan no ikkje vera storforlangande å ønskja seg det vel? Eit par dagar, nei ei veke, to, eller gjerne tre. Det har vi sanneleg fortent no. Basta!

dei gode???

Eg leste ein artikkel i dag “Fri meg frå dei gode menneska”. Dramatisk tekst. Men det blei vist til at dei gode ofte kan vera dei verste. At dei gode kan vera dei første til å døma andre, dei første til kritikk, dei fremste til å frysa ut meiningsmotstandarar, om eg forsto rett. Fri oss frå dei gode, sto det. Eg måtte svelga litt unna, verkeleg smaka på dette. Er målet å ikkje vera god? Er dei empatiske og snille dei verste? Ein av mine eksar sa ein gong til meg at eg var eit av dei snillaste menneska han hadde møtt, men eg kunne vera veldig stygg utan å forstå det. Eg blei fornærma då, men ser i dag at det så visst kan vera noko i det. For det snille er ikkje alltid snilt mot alle, gode gjerningar kan ha mykje egoisme og sjølvbekreftelse i seg. Snillhet kan dekka over mange behov og gje mykje makt.

Er målet då å slutta å vera snill? Neppe. Det er ikkje å gjera gode gjerninger det kan vera noko feil i. Korleis skulle verda sett ut utan gode gjerninger. Korleis skulle livet bli utan godhet og varme og omsorg. Er det noko vi treng er det godhet, omtanke for andre, varhet overfor livets mange sider og evne til å stå opp mot urett. Men er det nødvendigvis dei menneska som gjer dette som blir sett på som snille? Kan det vera både styrke , krav og tøffhet i gode gjerninger, omsut og varme? Kanskje er det ei omdefinering som må til, om kven som er dei snille menneska? Kven som er gode.

Eg har ingen svar, eg berre fekk tankar. Eg sa til ein venn av meg som sukka over at han var dumsnill, at han slett ikkje var dumsnill, han var dum. Unnvikelse og feighet er ikkje snillhet. Såpass har eg i alle fall lært i livet.

sommarkropp?

Det er tid for å tenkja på sommarkroppen, står det både her og der å lesa. Eg fekk ei annonse dumpande inn til meg der det sto “det er enno ikkje for seint å skaffa seg sommerkroppen”, og så tilbod om noko som skulle få kiloer til raskt å brenna bort. Å nei, det skal nok meir til enn nokre pillar for at eg kan skilta med sommarkropp som får menn til å snu seg etter meg på stranda, for det er vel det som er målet? Det er så enkelt at den tida er forbi for meg om eg hadde tatt av både ti og tjue kilo. Eg har ein levd kropp, eg har ein kropp som uansett kilo ber preg av livets tann. Eg har ein godt brukt heilårskropp. Men han fungerer!

Ja visst kunne eg ha godt av å ta av både ti og tjue kilo, men då for helsa si skuld, ikkje for sommarbikinien. Eg synes rett og slett vi skal få lov til å komma til sommaren som til vinteren med den kroppen vi har. Med dei kiloane for mykje eller for lite som er våre, med dei skavankane vi har, og vera gode nok. Men hysteriet med kropp har nådd langt inn i så mange av oss. Til og med tilårskomne og godt levde damer kan komma til å seia at uff då, når det passerer ei på badestranda, for stor eller for mager. Bryst skal løftast opp med puter, magar skal haldast inne med tvangstrøyer. Det skal trimmast og trenast og etast gras som om vi var kuer. Det har nådd så langt inn i oss at vi tenkjer stakkars når nokon har for mange valkar som dansar rundt på kroppen. Som om det diskvalifiserer oss som kvinner å ha noko meir å bera rundt på. Og den største av alle skammer, det er å vera glad i mat!

Eg er glad i mat. Eg er glad i kroppen min også. Eg nektar å godta at eg skal måtta ha på meg store telt gjennom sommaren for å skjula at eg ikkje er ung og smekker eller i alle fall tilnærma lenger. Eg vil la den kroppen eg har få nyta D-vitaminer, eg vil svulma akkurat så stor og så levande og så livsglad og matglad eg er , utan at nokon skal få hindra meg i det. Min sommarkropp er som vinterkroppen, stor og deilig! Punktum.

 

 

når våren brusar…

Endå ein gong skulle eg få oppleva det. Å forelska meg. Gamle dama, snart utgått på datoen, kjenner våren brusa i kroppen. Å nei, eg har ingen kjæreste, ingen mann som held meg i handa på tur eller som eg kan krypa inntil når kvelden kjem. Han som har fått det til å dansa i brystet mitt veit ikkje kva glede han er i livet mitt. Og det treng han slett ikkje få vita. For denne tida her med eld i hjarta og brusande blod, denne tida er så dyrebar at ingen kvardag skal få røra ved ho.

Å starta på nytt forhold i min alder og med mi ballast, å måtta tilpassa seg eller aller verst, risikera å bli avvist, nei det vågar eg neppe utsetja meg for. Men deilig er det, at det enno er mogeleg å kjenna slik. At det enno kan dansa småalvar i blodet, at eg kan kjenna korleis hjarta hoppar ved eit blikk eller eit tilfeldig møte. Eg gøymer skatten min djupt i det varmaste og lunaste i meg. Og kjenner at eg lever, eg lever. Det er ein ekstra dimensjon i kvardagen. Eg har vore der før, og det har gått over. Men er ikkje mindre sterkt når det står på. Det opnar så mange rom inst inne.

Og han som er gjenstand for alt dette, han som uvitande er sentrum i livet mitt, i tankane mine, i alt eg er desse dagane, han går omkring i sin kvardag og lever sitt liv utan å kjenna til kor stor lykke det er for meg berre å vita at han fins. Nei, eg drøymer ikkje om ei framtid med han. Eg drøymer om at eg må greia nyta og ta vare på desse dagane mens elden enno brenn i meg, så eg kan nyta endå ein gong slik det er, å vera dirrande yr og levande. Heldige eg, som i denne fase av livet får kjenna på dette, og eg nyt det. Ja, eg nyt det alt eg kan og kallar det nåde.

det er livet alt…

Det skal god rygg til å bera gode dagar, var det ein som sa. Eg sit og tenkjer på dei orda no. Ser ut på sola, har sote ved fjorden og nytt å bli stroken over huda av sola. Og så sit eg her med klump i halsen og varme bak augo. Vil gråta. Fordi eg har det så godt? Er det alderdommen som har teke meg? Eg har jo sett dei gamle mennene som stadig tørkar augo. Er det noko med å bli særleg ømhuda eller tynnhuda med åra, at alt, godt som gale, går rett i fletta på ein. Går det an å gråta når ein har det som plomma i egget? Må ein ikkje dansa og jubla og senda takk som lette såpebobler oppover i lufta? Går det an å vera tristglad?

Ja, visst er det grunnar nok til å gråta. Visst er det berre å kasta eit ørlite blikk på dagsnytt og aviser for å få meir enn god nok grunn til gråten. Eller å sjå inn i sine indre kammer, der det ligg små rennande elvar frå det levde livet. Men når ein har det godt? Har nok mat, klede så ein kan skifta tre gonger om dagen om ein vil, tak over hovudet, gode venner. Familie ein er glad i. Og så ligg gråten der? Ikkje til å forstå. Kan ein savna når ein har nesten alt? Kan ein ønskja når ein har hendene så fulle at det flyt over?

Det er forunderleg dette livet. Det har i seg så mange nyansar. Eg bryr meg ikkje så mykje om kvifor og kva, eg sit her og lar berre tårene vera. Dei er ein bit av livet dei også. Ein er ikkje sjuk om ein er trist og litt melankolsk i blant, ein er berre eit levande menneske som tør kjenna. Og det vil eg jo vera.

Ja, eg har det godt, veldig godt. Og eg gret likevel. Kanskje av takk for alt det fine eg har fått med meg i livet. For all den rikdom eg har tatt imot og måtta sleppa, slik ein må i livet, fordi det alltid går vidare. Sola skin, fjorden glitrar, og eg seier som Arja: Jag vil takka livet!

Ver den du er!

Det skulle vera så sjølvsagt: Ver den du er! Stå for det som er ditt og ver stolt over ditt forråd. For ingen av oss er her på slump, tenkjer eg. Det vi har fått utlevert, det er vårt til å bruka og foredla. Det er ikkje spørsmål etter kva ressursar vi har, men kva vi gjer med det vi har fått utlevert. For det er det som kan fullbyrda vårt syfte på denne jorda. Om vi kunne sjå det slik, då kunne vi sleppa misunnelse og kamp om plass og posisjon. Vi skal ikkje vera like og gjera det same, vi skal utfylla kvarandre. Der vi snik oss unna det som er vårt for å prøva vera noko vi heller ville vore, der tar vi bort ein ressurs frå heilskapen.

Det er så lett å samanlikna seg, føla seg mindre, mindre verd, mindre verdifull, mindre sett. Det er som om alle vil stå på toppen av same pallen. Men om vi alle gjorde det, kva verdi hadde pallen då? Det er ulike pallar, så det viktige er å finna ut, kor er min plass? Kva er det som er mitt å fullbyrda? Kva har eg fått utlevert for å fylla ut i heilskapen? Og la oss vera stolte over den plassen som er vår. Same kor han er, og kva prestisje og posisjon denne plassen har, om vi blir sett eller ikkje. Vera tru mot det vi er gitt.  For det er vårt liv vi skal leva, og ingen andre sitt. Stå stolte, og rakrygga, på vår plass.

 

kan vi ha to tankar i same hovud?

Kva krefter er det som blir utløyste i oss når noko blir løfta fram som støttar våre fordommar. Då brennpunkt viste programmet om tiggarar i Bergen, så førte det til lynsjing og sjikanering og hatutfall mot dei som dagen etter sat i gatene med koppane sine. Var det skuldkjensla vi har gått med når vi har luska oss forbi koppane utan å gje som vi endeleg kunne sleppa, var det den vemmelege kjensla over å møta det vi trudde var fattigdom som vi brått kunne fri oss frå. Vi kunne pusta letta ut og høglydt gi uttrykk for vår indignasjon over “dette pakket”.

Eg vil ikkje meina noko om tigginga, og kriminalitet er politiet si sak, men eg vil meina noko om oss som møter menneske. Går det an å vita at det er bakmenn og kriminelle som står bak mykje av tiggarverksemda, og samstundes sjå som medmenneske dei slitne kvinnene som sit med koppen sin, oftast er dei utnytta, redde, utan mulighet til å koma seg fri. Går det an å tenkja at somme av desse er døtre, søstre, mødre som er pressa inn i ein situasjon som dei ikkje kjem ut av, kanskje med små born heime som gissel, eller gamle foreldre. Går det an å sjå at dette er medmenneske?

Tigging er inga løysing på eit fattigdomsproblem. Det må finnast politiske løysingar som kan hjelpa dei som ikkje er rike og festløver og kjeltringer, og politi som kan fanga opp dei som er kriminelle. Det er i alle fall inga hjelp for nokon med hån og sjikane og valdelege angrep. Det må gå an å ha to tankar i same hovud. Og at vi evner sjå den menneskelege nauden som ofte ligg bak mange av desse sjebnene. Om vi ikkje gir pengar i koppen, kan vi i det minste gi smil og vennlege ord. Det er eit medmenneske som sit der med koppen, og alle er meir enn vi ser.

Det var ei som fortalde meg at ho hadde lese ei overskrift i ei avis der det sto: “Er det noko liv etter 40?” Jøye meg, eg som er over 65 no. Skulle livet mitt vera over? Å nei, du, slett ikkje. Eg er framleis på føtene og eg har ikkje tenkt å leggja meg ned så lenge eg greier kravla meg inn i dagen. Sant nok kan det skrangla litt her og der i skrotten, men eg trøystar meg med orda til Lill Babs “vaknar du ein morgon etter at du er femti og ikkje kjenner noko, då er du død”. Eg lever. Jammen kjenner eg så visst at eg lever.

Det er ei tid for alt i livet. Det er ulike årstider og ulike utfordringar. Det var ei tid å vera ung og at alt låg ope og ein måtte ta val i livet, – det var ei tid å få barn og fylla hendene og tida med den varmen og utfordringa. Det var ei tid å fullføra jobben ein hadde tatt på seg. Det er ei tid med gamle foreldre og utfordringane det gir. Men det er også ei tid for å nyta livet, og kor tid kan ein det meir enn etter godt fylte 60? Etter kvart førtidspensjonert eller pensjonert. Vi kan fylla dagane med omsorgsarbeid framleis, vi kan fyka av stad med tusen gjeremål, men det er val. Pliktløpet er unnagjort, no kan vi velja, dei fleste av oss.

Snill jente syndromet heng i så mange av oss fødde på førti og femtitalet, men om vi ikkje skulle gi oss sjølv gledene no, kor tid skulle dei då koma? Ta oss tid til å kjenna på lystene, eller henta dei fram att om dei har sovna. Gjera dei sprø tinga vi ikkje har tillatt oss før. Om ikkje no, kor tid då? Når vi blir demente og ikkje greier kontrollera oss lenger, får vi vel lite glede av sprella vi finn på.

Vi som er i det gode livet godt etter seksti, la oss gløyma dei haltende skrottane, la oss hoppa over begrensingane og våga leva. Det er vår tid no, det er no, no no! Om det er liv etter 40? Og etter 60? Å ja, gjett om!!! Hos meg er våren enno i kroppen.

å vera annleis…

Kvifor er det så flott å vera unik, og meir tvilsamt å vera annleis? Er det ikkje to sider av same sak? Eg blei inspirert av dei to ulike sokkane som blir vist på nettet i dag, til ære for alle annleise. Og eg tenkjer, det er til ære for oss alle. For er det nokon av oss som ikkje er annleis? Er det nokon av oss som ikkje er unike? Og skulle vi ikkje vera stolte over dette, at det fins berre ein av oss. Ingen er akkurat den eg er.

Eg hadde ein kjærast ein gong, som var ein av desse kontormennene, dei som kjem på rekkje med same dressjakken, same dokumentmappa, same hårsveisen, og same nestenbarberte kinn. Du står der og ser og undrast, kven av dei er det eg kjenner tru, og er du nærsynt kan du risikera å ta feil. Men når du kjem nær, så er det likevel den eine som er den du ser. Og slik er det med ungdomsflokkar også, same stil, same image, men kjem du nær ser du ditt menneske, som ingen andre er lik. Det er lett å la seg lura av fasaden.

Men nokon er meir ulike enn andre, å sjå til, eller i måten å vera på, og kanskje desto meir unike. Kor vakker det er med dette mangfaldet. Måtte vi aldri skrella bort eller prøva tilpassa så mykje at det vakraste blir borte. Det unike.

Det kan vera belastande å gå rundt å kjenna seg annleis i eit samfunn av konformitet. Det kan kjennest sårt og gå rundt og kjenna på sin ulikskap. Men skulle vi ikkje verkeleg gjera kampanje for egenarten, for det unike, for det annleise, så vi alle uansett kven vi er kan få veksa og utvikla vårt potensiale. Få vera stolte av den vi er. At vår annleishet blei vår styrke. Og at vi med vår ulikskap kan vera med å utvikla kvarandre og utvida kvarandre sine indre rom.

Hurra for å vera annleis. For å vera den ein er. Ingen av oss er skapt som feilvare!